Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.63 (1997-1998)
Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 37/97 av 27. juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS).


oversikt første forrige neste

Administrative og økonomiske konsekvensar

       Dei økonomiske tilskota frå EFTA-statane til MLIS-programmet blir fastsett med heimel i artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala.

       Totale kostnader for MLIS-programmet er berekna til 120 mill. kroner for åra 1996 til og med 2000. Norsk del av kontingenten vil for 1997 utgjere omlag 78.000 kroner. I tillegg kjem administrative kostnader på 300.000 kroner. Kontingenten vil bli delt mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Sjølv om Kulturdepartementet vil ha det formelle oppfølgingsansvaret for programmet, vil ein òg få til eit samarbeid om programmet på administrativt plan.

       I 1998 vil for Noreg sin del dei operasjonelle kostnadene vere om lag 400.000 kroner, mens dei administrative kostnadene er berekna til om lag 270.000 kroner. I budsjettet for 1998 er det også gjort framlegg om at det blir sett av om lag 350.000 kroner til nasjonal oppfølging av MLIS-programmet.

       Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon