|
Komiteen har merka seg at det no er i gang eit omfattande arbeid innan språkteknologi i mange europeiske land. Gjennom deltaking i programmet Language Engineering har det kome fram at Noreg har svært liten aktivitet når det gjeld utvikling av språkverkty til bruk i dataprogram. Noreg ligg langt etter i denne utviklinga i høve til andre land.
Komiteen er klar over at dei beste programprodukta for å skriva og vidarearbeida språk ligg føre på engelsk. Komiteen har merka seg at Regjeringa ønskjer å styrka den nasjonale satsinga på elektroniske informasjonstenester der norsk språk er ein viktig del av informasjonssamfunnet. Noreg er eit lite språksamfunn og ein liten marknad. Det er derfor vanskeleg å utvikla konkurransedyktig, norskspråkleg programvare. Her går Multilingual Information Society (MLIS) inn som ein del av satsingsområdet med styrking av det språklege mangfaldet.
Komiteen ser at det er naudsynt å utarbeida ein meir langsiktig strategi for å ivareta og fremja bruk av norsk på IT-området. Komiteen er av den meininga at dersom norsk, både bokmål og nynorsk, framleis skal vera eit felles kultur- og arbeidsspråk, må det setjast i verk tiltak snarast råd.
Komiteen meiner at norsk deltaking i MLIS-programmet i EU vil styrka norsk i informasjonssamfunnet og medverka til utvikling av norsk språkteknologi. Programmet er særleg retta mot små og mellomstore bedrifter. Samstundes vil me stå fritt til å vidareføra vår eigen politikk på området.
Komiteen sitt utkast til innstilling har vore forelagt utanrikskomiteen til uttale. I brev datert 12. desember 1997 til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen seier utanrikskomiteen at dei ikkje har merknader til utkastet til innstilling.
Komiteen har elles ingen merknader og støttar Regjeringa sitt forslag til vedtak.