Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.198 (1997-1998)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om tilleggspoeng for folkehøgskoleelevar ved opptak til høgre utdanning.


oversikt første forrige neste

SAMANDRAG

       Departementet gjer framlegg om ei særordning for dei som har gjennomført eit fullt folkehøgskoleår i 1997/98, og som søkjer opptak ved statlege høgskolar for studieåret 1998/99. Særordninga gjeld berre dette kullet folkehøgskoleelevar og berre denne opptaksrunda. Ved dette opptaket vil desse elevane i tillegg til dei 3 tilleggspoenga for folkehøgskule, òg få godskrevet 2 poeng for eventuell høgre utdanning og 1 poeng for eventuell førstegongsteneste, d.v.s. maksimalt 6 poeng. Frå og med opptak til studieåret 1999/2000 vil poenga igjen bli samordna som tidlegare vedteke, slik at søkjarar til statlege høgskolar maksimalt vil kunne få 3 tilleggspoeng for dei tre kategoriane til saman.

       Bakgrunnen for særordninga er at einskilde elevar våren 1997 misoppfatta Stortinget sitt vedtak 14. januar 1997, jf. Innst.S.nr.91 (1996-1997), som ble gjengjeve i departementet sitt rundskriv 20. mars 1997 til m.a. folkehøgskolane. Desse elevane trudde dei vedtekne 3 poenga for folkehøgskole ville kome i tillegg til poeng for høgre utdanning og førstegongsteneste, og planla eit år på folkehøgskole ut frå dette. Av Stortinget sitt vedtak 17. juni 1997, jf. Innst.S.nr.259 (1996-1997), gjekk det fram at 3 poeng til saman var øvre tak for konkurransepoeng ved opptak til høgre utdanning. Einskilde av dei som hadde søkt og byrja på folkehøgskole hausten 1997, ble først merksam på regelverket i januar 1998 då departementet sende ut rundskriv om ny føresegn for opptak til statlege høgskolar.

       Departementet drøftar i meldinga ulike omsyn i høve til at informasjonen om reglane for poengberekning verka for dårleg for nokre, men ikkje for alle, og går inn for at særordninga vert avgrensa til opptak ved statlege høgskolar 1998/99.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon