|
Komiteen er samd med departementet i at det er rett å gi elevar som har gått på folkehøgskole i skoleåret 1997/98, ei særordning i høve til stortingsvedtaket av 17. juni 1997 slik at dei får 3 tilleggspoeng for folkehøgskole i tillegg til eventuelt poeng for høgre utdanning og førstegongsteneste dei måtte ha frå før. I samsvar med vedtak i Stortinget 14. januar 1997 gjeld dette elevar som har gjennomført eit folkehøgskoleår på 33 veker, og under føresetnad av skoledokumentasjon og registrert frammøte på 90 %.
Komiteen viser til at det i 1992 blei fastsett felles opptaksforskrift for statlege høgskolar medan universiteta og dei vitskaplege høgskolane har fått rett til å nytte dei reglane dei sjølve har fastsett når det gjeld spesielle opptakskrav og rangering av søkjarar.
Til opptaket i år 2000 skal det fastsetjast ei ny opptaksforskrift for alle universiteta og høgskolane. Komiteen vil i samanheng med handsaminga av grunnlaget for den nye forskrifta foreta ein samla gjennomgang av ordninga med tilleggspoeng for utdanning, alder og fagleg fordjuping. Det er etter komiteen si meinig uheldig at det er ulike reglar for dei ulike høgskolane og universiteta. Det er også nødvendig å vurdere på nytt om fagleg fordjuping i ulike fag i vidaregåande skole skal vurderast ulikt i forhold til tilleggspoeng.
Komiteen har merka seg at departementet syner til at det kan vera mykje som talar for at ei eventuell særordning skal gjelde fram til og med opptaket i 1999. Komiteen meiner likevel at særordninga berre skal gjelde for skoleåret 1997/1998.
Komiteen har òg merka seg at fleire av universiteta og dei vitskaplege høgskolene har reglar som gjer det mogleg, innafor ei gitt ramme, å få poeng for både folkehøgskole, høgre utdanning og førstegongsteneste.