|
Stortinget besluttet 26. januar 1999 å
oversende følgende forslag fra representanten Tore Nordtun på vegne av
Arbeiderpartiet, oversendt fra Odelstingets møte 21. januar 1999, til
finanskomiteen:
« Stortinget ber Regjeringen snarest
foreslå at den gamle fraktutjevningsordningen gjeninnføres inntil en
eventuell ny ordning foreligger. Regjeringen bes samtidig om å anvise
inndekning for de økte utgiftene ved ordningen. » (Jf.
Innst.O.nr.26
(1998-1999).)
Regjeringa la i St.prp. nr. 1 (1998-1999) Arbeids- og administrasjonsdepartementet fram forslag om avvikling av ordninga med pristilskot for drivstoff over statsbudsjettet med verknad frå 1. januar 1999. Regjeringa foreslo å erstatte denne ordninga med ei sjølvfinansierande fraktutjamningsordning. Nødvendige lovendringar vart fremma i Ot.prp.nr.22 (1998-1999).
Innstillinga frå finanskomiteen ( Innst.O.nr.26 (1998-1999)) syner at det ikkje er fleirtal for å innføre Regjeringa sitt forslag frå 1. januar 1999. Handsaminga av statsbudsjettet for 1999 viser at det heller ikkje vart lagt inn nødvendige løyvingar for å vidareføre ordninga med pristilskot for drivstoff, inntil ny ordning blir iverksett.
Forslagsstillarane ser det som uheldig at ein no står utan nokon ordning for å sikre prisutjamning på drivstoff. I ein overgangsperiode inntil Regjeringa får lagt fram nytt forslag og eventuelt ny ordning er på plass, går forslagsstillarane inn for å gjeninnføre ordninga med frakttilskot over statsbudsjettet frå 1. februar 1999 og fram til og med 30. juni 1999.
På denne bakgrunn vil
forslagsstillarane leggje fram følgjande forslag:
Ordninga med frakttilskot over
statsbudsjettet for bensin og autodiesel som vart oppheva frå 1. januar
1999, blir gjenninnført frå 1. februar 1999 og fram til og med 30. juni
1999.
På statsbudsjettet for 1999 vert gjort
følgjande endring:
| Kap. 1560 | Pristilskudd | ||
| 70 Til regulering av forbrukerprisene, | |||
| vert auka med | kr | 47.500.000 | |
| frå kr 48.238.000 til kr 95.738.000 » |