Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.107 (1998-1999)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kringkasting og dagspresse 1997.


oversikt første forrige neste

1. Samandrag

1.1 Innleiing

       Kulturdepartementet legg med dette fram den årlege Stortingsmeldinga om verksemda på medieområdet i 1997. Grunnlaget for meldinga er i hovudsak årsmeldingane frå allmennkringkastarane, Statens medieforvaltning og Allmennkringkastingsrådet. I tillegg til årsmeldinga, har NRK utarbeidd ein eigen allmennkringkastingsrekneskap. Desse dokumenta følgjer meldinga som uprenta vedlegg.

       Med å syna til handsaminga i Stortinget av St.meld. nr. 62 (1997-1998) legg departementet til grunn at kulturministeren i staden for dei årlege meldingane munnleg bør gjere greie for aktuelle mediepolitiske spørsmål for Stortinget. Dette bør skje i vårsesjonen dersom det er praktisk mogleg.

       Departementet opplyser at det kjem attende til fleire spørsmål i eigne saker. Dette gjeld m.a.

-Spørsmålet om forbod mot reklame for politiske parti og livssyn.
-Endringar i kringkastingslova som følgje av endringar i EØS-avtalens fjernsynsdirektiv.
-Endringar i regelverket om sponsing av kringkastingsprogram.
-Spørsmålet om kva for rammer som skal gjelde for Norsk rikskringkastings kommersielle verksemd.
-Digital fjernsyn.


oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon