Innst.S.nr.107 (1998-1999)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om
kringkasting og dagspresse 1997.
2. Verksemda hos allmennkringkastarane
2.1 Norsk rikskringkasting
2.1.1 Radiosendingane til NRK
Departementet meiner ein for
radiotilbodet frå NRK må leggje programinnhaldet i alle kanalane samla til
grunn for å vurdere om tilbodet følgjer prinsippa for allmennkringkasting.
Ut frå vurderingane til Allmennkringkastingsrådet for 1997 kan ein slå fast
at radiotilbodet til NRK samla sett følgjer prinsippa for
allmennkringkasting.
Departementet skal likevel trekkje
fram eit par av dei kritiske merknadene frå Allmennkringkastingsrådet.
Rådet peikar m.a. på at flyttinga av radiosendingane på innvandrarspråk frå
radioen til fjernsynet no inneber at det i det heile ikkje er sendingar på
innvandrarspråk i NRKs radiosendingar. Rådet peikar òg på at det knapt er
sendingar på samisk i landsdekkjande sendingar i dei tre kanalane. Vidare
peikar rådet på at nynorskprosenten i radiosendingane er for låg.
Departementet er samd med rådet i
deira påpeikingar, og har teke dette opp med NRK.
2.1.2 Fjernsynskanalane til NRK
På grunnlag av rapporten for 1997 frå
Allmennkringkastingsrådet kan departementet slå fast at NRK1 i det store og
heile følgjer prinsippa for allmennkringkasting.
Departementet er samd med
Allmennkringkastingsrådet i at nynorskprosenten er for låg og at bruken av
sjølvstendige norske produksjonsselskap bør utvidast. Departementet har
teke det opp med NRK.
I høve til NRKTO seier
Allmennkringkastingsrådet m.a. følgjande:
| « - | Programkategorien
« skole, universitet, utdanning » bør ikke forbli tom i en kanal vendt mot
ungdom. |
| - | Kategoriene
« natur og vitenskap » og « religion og livsfilosofi » bør utvides. |
| - | Kanalen
har rikelig med ungdomsprogram, men mangler barneprogram. |
| - | Kanalen
har sendinger på innvandrerspråk, men mangler sendinger på samisk. |
| - | Programlegningen
bør inkludere flere sendinger som reflekterer hovedstrømninger i unge menneskers
populærkultur, inkludert pop- og rockemusikk. |
| - | Nynorskprosenten
er altfor lav (11,1 prosent). |
| - | Bruken
av uavhengige norske produsenter bør utvides, jf. ovenfor om NRK1. » |
Også på desse punkta er departementet
samd med Allmennkringkastingsrådet. Saka er teke opp med NRK.
2.2 TV2
2.2.1 Programverksemda i TV2
2.2.1.1 Rapporten frå Allmennkringkastingsrådet
Allmennkringskastingsrådets rapport
for 1997 inneheld fleire kritiske synspunkt på programprofilen i TV2. Rådet
uttaler m.a. følgjande:
| « Det
er ikke godt nok samsvar mellom det totale programtilbudet og TV 2s løfte om
å « ... legge vekt på å markere at vi er noe annet og mer enn en satellitt-
og kabelkanal for utenlandsk masseprodusert underholdning ». Over halvparten
av sendingene består av drama, praktisk talt alt innenfor den lettere genre.
|
| TV
2 lever ikke opp til sine løfter i konsesjonsøknaden om egne program om kunst
og kultur, også for smalere grupper av seere. Dekningen utenom nyhetssendinger
og aktualitetsprogram bør også styrkes/utdypes på følgende områder: |
| - | internasjonale
forhold utenom typiske nyhetssaker |
| - | området
religion og livsfilosofi, særlig utenom kristen religion/forkynnelse. » |
Rådet seier vidare:
| « Rådet
finner for øvrig grunn til å gjenta sin etterlysning av programmer som de følgende:
|
| Program
for den samiske befolkningen. TV 2 er juridisk forpliktet av konsesjonsvilkårene
til å levere sendinger spesielt for den samiske befolkningen, men har heller
ikke i 1997 overholdt dette. TV 2 anfører i sin årsmelding at en i stedet har
valgt å sende et av Arne Hjeltnes « Gutta på tur »-program fra de samiske
områdene i Finnmark. |
| TV
2 drev heller ikke i 1997 med teksting for hørselssvekkede, og har heller ingen
spesielle tilbud for denne ganske store publikumsgruppen. |
| Rådet
mener det er særlig beklagelig at tilbudet om barneprogram er begrenset til helgene.
Det burde for lengst vært utvidet til hverdagene. |
| Det
mangler regelmessige ungdomsprogram av andre slag enn popvideopresentasjon og
lett drama. » |
Departementet har i brev dagsett 15.
juli 1998 teke m.a. desse fråsegnene frå Allmennkringstingsrådet opp med
TV2. I brevet har departementet vidare peika på at så vel departementet som
Stortinget fleire gonger har føresett at kanalen må leggje vinn på å følgje
dei prinsippa som gjeld for allmennkringkasting. I denne samanhengen er det
synt til
St.meld. nr. 12 (1996-1997) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v,
Innst.S.nr.138
(1996-1997),
St.meld. nr. 62 (1996-1997) Kringkasting og dagspresse 1996 m.v. og
Innst.S.nr.103
(1996-1997).
TV2 har svara departementet i brev
dagsett 19. august 1998. Brevet følgjer meldinga som uprenta vedlegg.
Departementet gjev att nokre avsnitt frå brevet til TV2 på s. 4-5 i
meldinga.
2.2.1.2 Departementets vurdering og oppfølging
Kulturdepartementet følgjer no som
konsesjonsgjevande organ opp saka andsynes TV2. Departementet syner såleis
her berre stutt til nokre prinsipp som departementet legg til grunn i den
vidare oppfølginga.
Departementet meiner det klårt må
leggjast til grunn at når konsesjonsvilkåra slår fast at
« Allmennkringkastingsprogrammene skal bidra til å styrke norsk språk,
identitet og kultur », inneber dette at det må sendast eigne program innanfor
desse kategoriane. Det er ikkje tilfredsstillande i høve til
konsesjonsvilkåra berre å sende stutte kulturinnslag i andre program.
Når det gjeld program for smale
grupper og minoritetar, heiter det følgjande i punkt 6 nr. 3 i
konsesjonsvilkåra:
| « Sendingene
skal over tid inneholde en variert programmeny med program for så vel brede som
smale seergrupper, herunder den samiske befolkningsgruppe og minoriteter. »
|
Det er ikkje mogleg å lese dette på
anna vis enn at det skal sendast eigne program både for den samiske
befolkninga og minoritetar. Det følgjer også av dette punktet i
konsesjonsvilkåra at det skal sendast program både for breie og smale
sjåargrupper. Anten ein reknar born som ei brei eller smal sjåargruppe, er
det klårt at vilkåra fastset at det skal sendast program for born.
Reint allment legg departementet til
grunn at korkje av økonomiske eller andre årsaker finst det grunnlag for at
selskapet ikkje betre skal oppfylle konsesjonsvilkåra når det gjeld program
for born.
Departementet ser det ikkje som
aktuelt å gjere framlegg om endringar i reglane om reklame eller sponsing av
program for born, jf. kommentaren frå TV2. Som departementet fleire gonger
har peika på i ulike samanhengar, er det dei samla inntektene til
allmennkringkastarane som må finansiere dei programtypane som skal sendast.
Dette gjeld uavhengig av om det er høve til å sende reklame eller sponsing i
tilknyting til visse programtypar eller ikkje.
2.3 Verksemda i P4
2.3.1 Programverksemda i P4
2.3.1.1 Allmennkringkastingsrådets rapport
Årsrapporten frå
Allmennkringkastingsrådet for 1997 inneheld fleire kritiske merknader til
programprofilen i P4. Rådet uttaler m.a. følgjande:
| « - | Bruken
av reportasje og andre mer ressurskrevende radiogenre enn studioinnslag, telefonintervjuer
og platespilling bør utvides. |
| - | Dekningen
av kunst og kultur bør klart styrkes. |
| - | Kategorien
« religion og livsfilosofi » bør utvides til å omfatte annet enn kristne
andakter. |
| - | Forekomsten
av analytiske, kritiske og fordypende perspektiv er for liten utenom de utvidede
nyhetssendingene. |
| - | P4
anses ikke å leve opp til sitt klare løfte i konsesjonssøknaden om « å satse
på såkalte nisjeprogrammer for spesielt interesserte minoritetsgrupper ». |
| - | P4
lever heller ikke opp til sine løfter i konsesjonssøknaden om å reflektere det
språklige mangfoldet i landet. Det mangler sendinger på nynorsk, samisk og innvandrerspråk.
|
| - | Den
internasjonale dekningen utover de typiske nyhetssakene bør styrkes. |
| - | P4
kan ikke sies å ha en musikkprofil som innfrir løftet fra konsesjonssøknaden:
« Stikkord for musikkprofilen må være mangfold, med røtter i vårt levende norske
musikkmiljø ». |
| - | P4
lever ikke opp til løftene i konsesjonssøknaden om kulturdekning: « RHN (P4
Radio Hele Norge) vil satse på kultur ved å « ta pulsen » på hele Norges
yrende kulturliv i vid forstand. RHN ser muligheter til å sende lokalproduserte
kulturprogrammer i samarbeid med nærradiostasjoner ». |
| - | Tilbudet
av barneprogram bør utvides til å gjelde flere dager i uka. » |
Kulturdepartementet har i brev dagsett
3. august 1998 til selskapet m.a. synt til desse utsegnene , og har bede P4
om kommentarar.
2.3.1.2 Merknadene frå P4
P4 har svara departementet i brev
dagsett 18. september 1998. Brevet følgjer meldinga som uprenta vedlegg.
Departementet gir att nokre avsnitt frå brevet på s. 6-7 i meldinga.
2.3.1.3 Departementets vurdering og oppfølging
Kulturdepartementet følgjer som
konsesjonsgjevande organ saka opp andsynes P4. Konsesjonsvilkåra inneheld
eit klårt krav om at det skal sendast program for den samiske
befolkningsgruppa og for minoritetar. Til no har P4 ikkje følgt dette opp.
Rapporten frå Allmennkringkastingsrådet syner òg at det er eit stykkje att
før P4 fullt ut kan seiast å fylle alle prinsippa som gjeld for
allmennkringkasting.
Reint allment legg departementet til
grunn at korkje av økonomiske eller andre årsaker finst det grunnlag for at
selskapet ikkje skal følgje konsesjonsvilkåra på alle punkt.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon