Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.136 (1998-1999)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om økonomien i den statlege høgskolesektoren.


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Meldinga gir ein teknisk gjennomgang av økonomien i høgskulesektoren, jf. Stortinget sitt vedtak 11. november 1996, Kostnadsberekningsutvalet si utgreiing NOU 1998:6 og høyringsfråsegner til vurderingane her, særleg frå Det norske høgskolerådet. Datakvalitet, tilnærming og metode for å berekne kostnadene står sentralt i meldinga. Departementet drøftar skilnader mellom utvalet og Høgskolerådet med omsyn til dette. Departementet konkluderer med at ein ikkje har godt nok datagrunnlag til å talfeste alle kostnadsdrivande faktorar i perioden, heller ikkje dei faktorane som kan ha verka til lågare kostnader og effektivisering i høgskolesektoren.

       Når det gjeld den konkrete analysen av økonomien i perioden 1988-97, viser departementet til at studentmåltalet i universitet- og høgskolesektoren samla har auka frå om lag 100.000 til om lag 170.000, medan løyvingane har auka med over 100 %. Utgift pr. student er i same perioden redusert med om lag 4 % i høgskolesektoren (6 % ved universiteta). Dei siste 5 åra av perioden har utviklinga i utgift pr. student vore rimeleg stabil. Departementet har i tillegg vurdert utviklinga i kostnadsdrivande faktorar i høgskolesektoren. Eksempel på dette er husleigekostnader og kostnader knytte til kompetanseheving, til desentraliserte utdanningar, til praksisrettleiing, reiser, administrasjon eller endra handlefridom på budsjettet. Kvar for seg har slike faktorar ikkje monaleg innverknad på drifta, men summen av dei kan likevel ha ført til ein strammare budsjettsituasjon i høgskolesektoren. Samstundes kan kostnadsdrivande faktorar, t.d. kompetanseheving, gi auka kvalitet på lengre sikt. Når det gjeld føremonar ved å administrere færre institusjonar på sikt, viser departementet til evalueringa av høgskulereforma.

       Departementet vil få gjort analysar av økonomiske tilhøve i universitets- og høgskolesektoren ut frå eit breiare datagrunnlag. Departementet vil elles halde fram med å omfordele midlar mellom dei statlege høgskulane for å utjamne skilnader som ikkje kan grunngjevast ut frå faktiske kostnadsskilnader.

       Departementet har valt å sjå på økonomien i høgskolesektoren samla. Utviklinga i utgift pr. student ved den einskilde institusjonen eller avdelinga kan såleis vere annleis enn for høgskolane samla. Kostnadskrevjande studium har ved fleire høgskolar gått opp medan andelen slike studium har gått ned i sektoren som heilskap. Tilsvarande skilnader vil gjelde utviklinga i andre kostnader som fast løn, husleige og drift av bygningar. Meldinga går ikkje inn på slike variasjonar.

       Departementet meiner ein må trekkje inn kvalitetsaspekt i vurderinga av den økonomiske utviklinga i universitets- og høgskolesektoren. Departementet vil arbeide for å få fram betre indikatorar for kvalitet og forsking. Ei arbeidsgruppe vil m.a. bli oppnemnd for å utvikle data om FoU-verksemd. Departementet vil vidare leggje sterkare vekt på kvalitetssida i resultatrapporteringa.

       Departementet viser i den samanhengen til at Mjøs-utvalet skal vurdere incitament, m.a. finansieringsprinsipp i høve til institusjonar og studiefinansiering, for ei betre utnytting av ressursane samstundes som kvaliteten i forsking og undervisning vert sikra. Meldinga må òg verte sett i samanheng med dei meldingane som kjem om forsking og om dimensjonering i høgre utdanning.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon