Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.136 (1998-1999)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om økonomien i den statlege høgskolesektoren.


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen viser til at meldinga er lagt fram etter initiativ frå Stortinget, jf. B.innst.S.nr.12 (1996-1997), der forslaget om ein gjennomgang av den økonomiske situasjonen ved dei statlege høgskulane vart fremja. Bakgrunnen for forslaget var rapportar om at budsjettsituasjonen ved mange statlege høgskular var svært vanskeleg.

       Komiteen viser også til at Kostnadsberekningsutvalet si utgreiing ( NOU 1998:6 ) vart lagd fram i mars 1998. Etter at Det norske høgskolerådet i sin høyringsuttale hadde markert ei anna oppfatning av høgskulane sin økonomi enn utvalet, vart Kostnadsberekningsutvalet bedt om å vurdere Høgskolerådets høyringsuttale. Denne vurderinga vart lagd fram i oktober 1998.

       Komiteen konstaterer at meldinga er konsentrert om ei framstilling og ein gjennomgang av høgskulane sin økonomi, og at viktige faktorar som kvalitet, effektivitet og produktivitet ikkje er handsama.

       Komiteen vil difor kome tilbake til desse faktorane og andre aktuelle og viktige spørsmål som gjeld dei statlege høgskulane under handsaminga av forskingsmeldinga, dimensjoneringsmeldinga og framlegg tufta på Mjøs-utvalet si innstilling. Eventuelle budsjettmessige konsekvensar av konklusjonane i meldinga vil måtte takast opp i samband med Stortingets ordinære handsaming av budsjettspørsmål.

       Komiteen konstaterer også at meldinga gir ei framstilling av den økonomiske situasjonen for den statlege høgskulesektoren sett under eitt. Den faktiske utviklinga ved dei einskilde høgskulane eller ved avdelingar innan den einskilde høgskule vil difor kunne avvike i større eller mindre grad frå tala som gjeld sektoren under eitt. Komiteen er samd med departementet i at det er mest tenleg å vurdere sektoren under eitt, og vil i denne innstillinga difor avstå frå å kommentere utviklinga ved dei ulike høgskulane.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner at meldinga viser at både universitetssektoren og høgskulesektoren har fått økonomien svekka i perioden 1988-97 sjølv om den nominelle auken i løyvingane har vore over 100 %. Omrekna til faste kroner er økonomien i høgskulesektoren - målt med « utgift pr. student » - svekka med om lag 130 mill. kroner. For perioden 1992-97 betyr utviklinga i utgift pr. student ein reduksjon på om lag 60 mill. kroner for høgskulesektoren, medan Kostnadsberekningsutvalet vurderte utviklinga som « rimeleg stabil ».

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil peke på at meldingen viser en nominell økning av bevilgningene på mer enn 100 %, et betydelig beløp. Omregnet til faste priser - målt med utgift pr. student - blir det påstått at den økonomiske situasjonen for universiteter og høyskoler er svekket med ca 130 mill. kroner. Disse medlemmer finner det nødvendig å påpeke at universitetene og høyskolene har blitt pålagt å ta imot et større antall studenter i perioden. Det er derfor nødvendig, slik disse medlemmer ser det, å påpeke til at et annet finansieringssystem basert på faktiske kostnader pr. student, ville gitt et bedre økonomisk utgangspunkt for høyere utdanning i Norge.

       Disse medlemmer viser også til at bevilgninger over utstyrsposten i hovedsak er benyttet til innkjøp av IT, noe som Høyskolerådet har påpekt har gått ut over den generelle utstyrssituasjonen ved skolene. En slik disponering av utstyrsmidler kan det stilles berettiget spørsmål ved, siden optimal bruksverdi av denne typen utstyr er svært kort, ca 3 år. IT-utstyr bør klassifiseres som forbruksmateriell. Det er etter disse medlemmers oppfatning beklagelig at utstyrssituasjonen generelt, og spesialutstyr som for eksempel lasersveiseutstyr spesielt, har blitt svekket ved innkjøp av hva den enkelte skole har definert som helt nødvendig IT-utstyr.

       Disse medlemmer ønsker i tillegg å vise til at en av målsettingene ved høyskolereformen i 1994 var å effektivisere og rasjonalisere de eksisterende administrative strukturer og rutiner. Meldingen viser at dette mål ennå ikke er nådd, idet nye nivå synes å ha blitt etablert. I tillegg synes det å være usikkerhet om når og hvilket offentlig nivå som kan hente ut en eventuell gevinst på et senere tidspunkt.

       Komiteen merkar seg at departementet påviser og drøftar ulike kostnadsdrivande faktorar som ikkje i tilstrekkeleg grad er kome til uttrykk i kostnadsberekningsutvalet sin rapport. Komiteen merkar seg at departementet meiner det er vanskeleg å kvantifisere dei kostnadsdrivande faktorene. Høgskolerådet har gjort berekningar for ein del ulike faktorar. Komiteen meiner det vil vere uheldig om ein ikkje kjem fram til ein måte å berekne desse faktorane på som partane kan akseptere. Når ein først har valt å gjere ei samanlikning av kostnader over ein periode, er det viktig at høgskular og departement har mest mogleg lik oppfatning av utviklinga.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener derfor at sektoren samlet må tilføres økte bevilgninger for å kompensere for kostnadsdrivende elementer som ikke er fanget opp av de årlige bevilgninger i sammenligningsperioden. En melding har liten verdi hvis en ikke skal ta konsekvensene av tallmaterialet og dokumentasjonen en har bedt om. Dette medlem vil på grunnlag av de ulike utredningene og konklusjonene anslå underbudsjetteringen for perioden 1992-97 til å ligge i størrelsesorden 90 mill. kroner. Dette medlem mener dette må legges inn i budsjettet for budsjettperioden 2000.

       Komiteen har merka seg at Det norske høgskolerådet er kritisk til at departementet har rekna utgifter pr. student etter brutto rekneskapstal og at rådet meiner dette gir eit skeivt bilete av utviklinga, og at rådet også meiner at alle utgifter knytte til husleige og drift av bygningar bør takast ut av berekningsgrunnlaget. Komiteen har ikkje grunnlag for å slå fast om dette gir ei skeivfordeling mellom høgskulane, men bed departementet vurdere om justeringar baserte på netto rekneskapstal, dvs. utan inntektskrav og husleige, kan vere aktuelt.

       Komiteen har merka seg at høyringsinstansane i hovudsak er samde i meldinga sin bruk av « utgift pr. student » over ein gitt tidsperiode som ein tenleg indikator for å vurdere utviklinga i økonomien i høgskulesektoren. Komiteen har samtidig merka seg at fleire høyringsinstansar har innvendingar og suppleringar når det gjeld å peike ut andre faktorar som har avgjerande innverknad på høgskuleøkonomien. Høyringsinstansane meiner at dette, i den aktuelle perioden, har bidratt til å binde ein stadig større del av høgskulebudsjetta opp i faste utgifter. Komiteen meiner at denne utviklinga set klare grenser for høgskulane sin handlefridom, og er difor samd med departementet i at det er naudsynt å arbeide vidare med å utvikle indikatorar som kan fange opp dei kostnadsdrivande faktorane som slår ulikt ut for forskjellige høgskular. Komiteen meiner at dette er naudsynt for å kunne sikre ein meir realistisk budsjetteringsprosess for dei statlege høgskulane i framtida. Det er spesielt viktig at tildelingane av ressursar tek omsyn til at utgift pr. student varierer sterkt mellom ulike utdanningar slik at høgskulane finn det interessant å ta på seg ansvar også for meir kostnadskrevjande studium. Meldinga viser klart at det kan vere stor avstand mellom det biletet som vert presentert for Stortinget i budsjettdokument, og den røyndomen høgskulane sjølv meiner å oppleve når det gjeld i tildelingane. Komiteen meiner at planane i meldinga for det vidare analyse- og kartleggingsarbeidet gir håp om at dette vil kunne bli betre i framtida. Komiteen vil likevel peike på at dette arbeidet m.a. må skje gjennom forbetringar og forenklingar og samordning i eksisterande rapporteringssystem, og at ein ikkje må pålegge høgskulane å bruke endå meir ressursar på rapportering og dokumentasjon. Komiteen bed også om at departementet vurderer om det er andre sider ved styringssystemet og rapporteringa som kan gjerast enklare slik at ein større del av ressursane kan frigjerast til faglege formål.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen om å foreta en grundig vurdering om de administrative rutinene for høgskolene er for tid- og kostnadskrevende, og komme med forslag til hvordan disse kan gjøres enklere og mer effektive. »

       Komiteen viser elles til B.innst.S.nr.12 (1998-1999) der ein samla komité uttalte:

       « Samtidig viser komiteen til at departementet har fulgt opp tidligere merknader om at det skal skje en omfordeling av ressurser mellom høyskolene for å utjevne forskjellene som ikke kan begrunnes gjennom reelle kostnadsforskjeller. Komiteen mener det er viktig med åpne kriterier for budsjettildeling, blant annet for at institusjonene skal kunne foreta en langsiktig og målrettet tilpasning av sin budsjettering, og ber departementet om å sørge for større åpenhet om kriteriene for budsjettildeling i ulike typer utdanninger slik Høgskolerådet har bedt om. »

       Komiteen legg framleis dette synet til grunn og fremjer følgjande utkast til vedtak:

       « Stortinget ber om å bli orientert om kriteria som vert nytta ved budsjettildeling til dei ulike høgskulane. Orienteringa må leggast fram i samband med statsbudsjettet for 2000. »

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner også at det må vere ein eigen komponent for utgifter til praksis for dei profesjonsutdanningene der praksis i større eller mindre omfang er ein integrert del av utdanningsløpet og sentralt fastsett.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet legger fortsatt samme syn til grunn som ved behandlingen høsten 1998, men vil igjen vise til at en positiv finansieringsmodell, hvor hver student er en økonomisk tilgang - stykkpris, eller innsatsbasert finansiering - ville fjerne behovet for en egen finansieringskomponent for praksis. Denne komponenten må, for å gi en fullfinansiert stykkpris, være inkorporert i den avtalte stykkpris pr. student.

       Disse medlemmer vil videre påpeke at det fremkommer av meldingen at den økonomiske situasjonen for høgskolene er meget uoversiktlig. Etter disse medlemmers oppfatning er det viktig at man får på plass gode og oversiktlige økonomiske og administrative prosedyrer og rutiner slik at de bevilgende myndigheter kan få riktige styringssignaler. Det må også innarbeides bedre systemer for ensartet rapportering.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, konstaterer at det er ei klar utvikling i retning av aukande forskings- og utviklingsverksemd ved dei statlege høgskulane. Denne utviklinga er positiv og bør stimulerast. Fleirtalet viser til at Stortinget i april 1998 vedtok at det skal leggast vekt på forskinga i ressurstildelinga til universiteta. Fleirtalet meiner at det bør arbeidast vidare med sikte på at også forskings- og utviklingsaktivitetar blir lagt inn som fast kriterium for tildeling av midlar til dei statlege høgskulane. Ein slik framgangsmåte vil også gjere det muleg å differensiere « forskings- og utviklingstilskotet » noko mellom dei ulike utdanningane og på den måten ta omsyn til at det innanfor høgskulesystemet er svært forskjellige tradisjonar og behov når det gjeld forskings- og utviklingsaktivitet. Fleirtalet vil understreke at auka forsking og utvikling i høgskulesektoren ikkje må svekke forskinga ved universiteta, men vere eit bidrag til å auke den samla forskingsinnsatsen innanfor høgre utdanning.

       Fleirtalet bed om at dette vert drøfta i forskingsmeldinga.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser ikke det samme behovet for fragmenterte forskningsmiljøer som flertallet målbærer som positivt. Disse medlemmer er av den oppfatning at Norge har et svært begrenset antall forskere på et høyt nivå og at disse må bygge opp gode forskningsmiljøer med tilstrekkelig bemanning innen sine felt. Det vil derfor etter disse medlemmers syn være nødvendig med en sentralisering og en spissing av kompetanse og en målrettet styring av forskningsmidler inn mot denne typen miljøer.

       Komiteen ser det som viktig at høgare utdanning skal vere tilgjengeleg for ein størst muleg del av befolkninga.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner difor at det er behov for ei sterkare satsing på desentralisert høgare utdanning. Det er ein klar føresetnad at desse tilboda held same faglege kvalitet som ordinære studiar. Fleirtalet vil peike på at desentralisert utdanning oftast er meir kostnadskrevjande enn dei ordinære tilboda ved høgskulane, og minner om at det i budsjettet for inneverande år er lagt inn midlar øyremerka til dette formålet.

       Komiteen minner også om at det i B.innst.S.nr.12 (1998-1999) vert sagt følgjande om desentralisert høgare utdanning: « Komiteen ser det som en nasjonal oppgave å gi studietilbud desentralisert, og vil stimulere de høgskoler som velger å legge ut en del av sine tilbud. » Komiteen vil framleis legge dette synet til grunn.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter for så vidt det syn at det skal være en sterkere satsing på desentralisert høyere utdanning, men satsingen løses etter disse medlemmers syn best ved hjelp av moderne teknologi. Ved å utnytte elektroniske løsninger vil lærestedet være uvesentlig og studiene kan gjennomføres hvor som helst kombinert med samlinger og kollokviegrupper. I tillegg vil en slik modell lette presset på boliger i de større byene spesielt.

       Komiteen konstaterer at heile utdanningssystemet er inne i ei sterk omstilling. Både den generelle samfunnsutviklinga og endringar i samansettinga av dei gruppene som søkjer høgare utdanning gjer at denne utviklinga vil halde fram også i høgskulesektoren. Komiteen viser også til at det i samband med etter- og vidareutdanningsreformen vil bli ein stadig større marknad for studietilbod som er tilpassa ulike grupper vaksne studentar. Alt dette vil stille nye og større krav til høgskulane og krevje organisatoriske, faglege og pedagogiske endringar.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner at denne omstillingsprosessen må stimulerast slik at høgskulane vert sette i stand til å møte dei mange nye utfordringane.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet forutsetter at en stimulering i forbindelse med omstilling av tilbudet og forskningen rettes inn mot den økte fleksibilitet som ny teknologi gir rom for.

       Etter disse medlemmers oppfatning må det vurderes, når man vurderer sektorens økonomi, om det i Norge i dag utdannes langt flere akademikere enn det markedet kan ta imot. I den anledning må det vurderes kritisk om hver enkelt høgskole har linjer som utdanner studenter som markedet er villig til å ta imot.

       Høyere utdanning står foran store omstillinger. Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti minner om at vi er i startfasen av en omfattende kompetansereform der universitetene og høyskolene vil få en sentral rolle. Dette medlem vil minne om at omstillingen vil påføre institusjonene omfattende engangskostnader. Det skal rekrutteres lærere og forskere med ny kompetanse, ansatte må gis muligheter til kompetanseheving, nye utdanningstilbud skal utvikles og det er behov for anskaffelse av utstyr til undervisning og forskning.

       Dette medlem mener derfor at det vil være behov for økte bevilgninger allerede fra neste år for å initiere omstillingsprosessen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon