Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.191 (1999-2000)
Innstilling frå forsvarskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing


oversikt første forrige neste

2. Nærmare om handlingsprogrammet

       Sidan 1985 har samarbeidet i EU om katastrofevernebuing utvikla seg frå å vere eit tidvist tema på ministermøte, til at det er skipa eit handlingsprogram for katastrofevernebuing for tidsrommet 1998-1999. Medlemsstatane i EU har saman med EFTA/EØS-statane teke del i det toårige programmet. Prosjekt, øvingar, utveksling av sakkunnige og gjennomføring av konferansar er aktivitetar som er vortne sette i verk. Responsen på aktivitetane har vore positiv, både frå medlemsstatane og Europakommisjonen si side.

       Det er vedteke eit nytt handlingsprogram for katastrofevernebuing i EU for tidsrommet 1. januar 2000-31. desember 2004. Det nye programmet er i hovedsak likt det førre. Føremålet er å styrke det europeiske samarbeidet innan katastrofevernebuing. Programmet har som mål å støtte opp om og utfylle verksemda til lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Målgruppa som det vert satsa på, er institusjonar og personar med ansvar for katastrofevernebuing.

       I samband med programmet vil det verte utarbeidd ein treårig rullerande plan for konkrete prosjekt. Ein styringskomité vil vedta planen og revidere han årleg på bakgrunn av framlegg frå dei einskilde deltakarstatane. Prosjekta i planen vert i stor grad samordna under hovudprosjekta: utveksling av sakkunnige, førebygging og handtering av kriser og informasjon til publikum. Kvart hovudprosjekt vert ledd av éin stat, med støtte frå to eller tre andre. I styringskomiteen vil det frå norsk side vere representantar frå Direktoratet for sivilt beredskap og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern.

       Prosjekta skal finansierast på grunnlag av kostnadsdeling mellom medlemsstatane, Europakommisjonen, og dei institusjonane/organisasjonane som søkjer om støtte. Når eit prosjekt har fått støtte frå styringskomiteen og Europakommisjonen, vil deltakinga frå medlemsstatane verte finansiert innen ramma av prosjektkostnadane.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon