Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.191 (1999-2000)
Innstilling frå forsvarskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing


oversikt første forrige neste

3. Avgjerda i EØS-komiteen

       Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 11. april 2000 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlige område utanfor dei fire fridommane.

       Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleinga er det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

       Artikkel 1 slår fast at rådsvedtak 1999/847/EF om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing skal takast inn i protokoll 31 artikkel 10 nr 8 som nytt strekpunkt.

       Artikkel 2 seier at ordet « fellesskapshandlingsprogrammet » i nr 5, 6 og 7 i artikkel 10 i protokoll 31 skal bytast ut med « fellesskapshandlingsprogrammene », at ordet « komiteen » i nr 7 i artikkel 10 i protokoll 31 skal bytast ut med « komiteene » og at ordet « rettsakt » skal bytast ut med « rettsakter ».

       Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. juli 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har fått melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av vedtaka er stetta i samsvar med artikkel 103 nr 1 i avtala. Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2000.

       Artikkel 4 seier at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske felleskapa.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon