Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.191 (1999-2000)
Innstilling frå forsvarskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing


oversikt første forrige neste

4. Vurderingar

       Samarbeidet innanfor handlingsprogrammet skapar ein viktig arena blant deltakerstatane i programmet når det gjeld utveksling av sakkunnige, røynsler og informasjon om katastrofevernebuing på tvers av landegrensene. Ut frå varierende føresetnader vil ulike statar ha røynsler rundt særskilte krisescenario som er av interesse for andre statar. For Noreg er det t.d. av interesse at Storbritannia og Tyskland for kort tid sidan har hatt røynsler med større togulykker, Austerrike med snøskred, Nederland og Tyskland med flaum og Frankrike med omfattande skadar etter orkan. Gjennom prosjekt kan sakkunnige på alle nivå ta del i internasjonalt samarbeid innanfor fagfelta sine.

       Støtte gjennom handlingsprogrammet inneber at organisatoren av eit prosjekt i hovudsak finansierer deltakinga til sakkunnige frå andre statar. Dette prinsippet vart innført ved handlingsprogrammet for 1998-1999 og videreført til det nye femårige programmet. Til no har dette prinsippet ført til at fleire norske styresmakter har teke del i aktivitetar som seminar og øvingar, i tillegg til å hjelpe andre EU/EØS-statar med å organisere prosjekt. Gjennom det nye programmet vil ein betre kunne halde ved lag dei samarbeidsmønstra som er skipa for informasjonsutveksling, og dessutan ha eit godt høve til å skape nye. Deltaking i programmet inneber videre at relevante fagmiljø i Noreg får høve til å utarbeide kompetansehevande aktivitetar i regi av programmet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon