Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.28 (2000-2001)
Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2000 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet


oversikt første forrige neste

Samandrag

       I proposisjonen blir det foreslått å auke ulike postar på budsjettet for utviklingshjelp for 2000 med 104,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjonar på andre postar. Forslaga blir fremma for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret, og for å støtte viktige humanitære tiltak som og skal omfatte innsats mot spreiing av hiv/aids. Det er blitt ledige midlar til omfordeling på grunn av at ODA-godkjente utgifter til flyktningar i Noreg i år blir mindre enn rekna med. Vidare blir det noko mindre innbetalingar til internasjonale finansinstitusjonar enn budsjettert. Dersom det blir fleire ledige midlar i 2000, m.a. som følgje av at dei ODA-godkjente utgiftene går ytterlegare ned, varslar Regjeringa i proposisjonen at ho vil komme attende til dette i nysalderingsproposisjonen som blir lagt fram i månadsskiftet november/desember 2000.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon