Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.28 (2000-2001)
Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2000 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Tom Thoresen, frå Framstegspartiet, Dag Danielsen og André Kvakkestad, frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Magne Bondevik og leiaren Einar Steensnæs, frå Høgre, Jan Petersen og Siri Frost Sterri, frå Senterpartiet, Johan J Jakobsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lisbet Rugtvedt, og frå Venstre, Lars Sponheim, syner til at det i proposisjonen blir gjort framlegg om ein mindre auke i løyvingane til kap. 190 Humanitær bistand ved naturkatastrofar og kap. 191 Menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningtiltak. Komiteen er òg kjent med at to av dei største norske friviljuge hjelpeorganisasjonane, Norges Røde Kors og Kirkens Nødhjelp, i år har fått langt mindre tildelingar til slike formål enn i 1999.

       Komiteen viser til brev frå utviklingsministeren dagsett 13. november 2000 der det blir varsla ein eigen proposisjon om bruk av ledige midlar innafor bistandsramma. Proposisjonen blir lagt fram 17. november 2000.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon