|
I innleiinga til proposisjonen vert det sitert frå brev av 26. mai 2000 frå statsminister Jens Stoltenberg til Kommunenes Sentralforbund i samband med lønsforhandlingane mellom staten og lærarane.
På bakgrunn av tariffoppgjeret mellom staten og Hovudsamanslutningane/Norsk lærarlag vert det foreslått i proposisjonen at det i 2000 skal gjevast ei tilleggsløyving til kommunesektoren på 1.474,125 mill. kroner som kompensasjon for meirkostnaden for utvida ferie i 2001 og to ekstra lønstrinn til lærarane i 2000. Av dette er 1.080 mill. kroner kompensasjon for to ekstra feriedagar i 2001. Dette talet er basert på eit overslag over lønskostnadene i kommunesektoren i 2000, og gjeld også auka kommunale utgifter til kyrkjelege fellesråd. Tilleggsløyvinga til utvida ferie vert foreslått fordelt etter kommunane og fylkeskommunane sin del av lønskostnadene. Dette gjev ei fordeling på 735 mill. kroner til kommunane og 345 mill. kroner til fylkeskommunane.
Meirkostnaden for dei to ekstra lønstrinna til lærarane i 2000 i samband med ny arbeidstidsavtale er utrekna til brutto 394,125 mill. kroner. Det vert gjort framlegg om at tilleggsløyvinga til kommunesektoren på 394,125 mill. kroner skal fordelast etter kommunane og fylkeskommunane sin del av dei samla lønskostnadene i undervisningssektoren. Dette gjev kommunane 271 mill. kroner og fylkeskommunane 123,125 mill. kroner.
Samla utgjer tilleggsløyvinga til kommunesektoren 1.474,125 mill. kroner, fordelt med 1.006 mill. kroner til kommunane og 468,125 mill. kroner til fylkeskommunane.