|
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, leiaren Berit Brørby, Odd Eriksen, Aud Gaundal, Einar
Johansen og Leif Lund, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve
Solholm, frå Kristeleg Folkeparti, Ruth Stenersen og Anita Apelthun Sæle,
frå Høgre, Sverre J Hoddevik og Erna Solberg, frå Senterpartiet, Magnhild
Meltveit Kleppa, og frå Sosialistisk Venstreparti, Helge Bjørnsen, viser til
forslag om ei samla tilleggsløyving til kommunesektoren på 1.474,125 mill.
kroner fordelt med 1.006 mill. kroner til kommunane og 468,125 mill. kroner
til fylkeskommunane. Dette gjeld auka kostnader til feriepengar og ny
arbeidstidsavtale for lærarar. Løyvinga er ein kompensasjon for to ekstra
feriedagar i 2001 og for to ekstra lønstrinn til lærarane i 2000. Komiteen
seier seg samd i at slik kompensasjon vert gitt. Komiteen viser også til at
det ikkje vert gitt kompensasjon for to lønstrinn i justeringsforhandlingane
pr. 15. juli 2000. Grunngjevinga for dette frå Kommunal- og
regionaldepartementet er at det ikkje er tradisjon for at staten kompenserer
kommunesektoren for auka lønskostnader.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå
Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti, har merka seg at Kommunenes Sentralforbund har laga
utrekningar for lønskostnader som viser eit beløp som er 68 mill. kroner
høgare enn dei anslag som departementet har lagt fram, og at desse
utrekningane baserer seg på kommunane sine rekneskap. KS har rekna
kostnadene med utvida ferie til å vera 20 mill. kroner meir enn
departementet.
Komiteen viser vidare til brev til komiteen frå kommunane Stavanger og Sandnes, der det framgår eit misforhold mellom kommunane si forståing av meirkostnader og departementet sine utrekningar.
Komiteen viser til brev av 24. oktober
2000 frå Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden der ho kommenterer
Stavanger og Sandnes sine synspunkt, og der det m.a. blir sagt at det « hefter
usikkerhet » ved både KRD og KS sine måtar å laga anslag på.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til dette, og vil vidare understreke at det er Stortinget gjennom handsaminga av Rekrutteringsmeldinga, jf Innst.S.nr.120 (1999-2000), St.meld. nr. 12 (1999-2000) som har initiert dei særskilde lærarlønsforhandlingane, og vil ut frå det tilrå at desse vert tilførte 88 mill. kroner meir.
Fleirtalet gjer slikt framlegg:
« I statsbudsjettet for 2000 gjerast følgjande endringar:
| Kap. | Post | Formål: | Kroner |
|---|
| 571 | Rammetilskot til kommunar | ||
| 60 | Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med | 1.066.000.000 | |
| frå kr 29.483.608.000 til kr 30.549.608.000 | |||
| 572 | Rammetilskot til fylkeskommunar | ||
| 60 | Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med | 496.125.000 | |
| frå kr 15.672.543.000 til kr 16.168.668.000 » |
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at grunnlaget for departementets beregninger er tall fra Det sentrale tjenestemannsregisteret for skoleverket (STS) pr. 1. september 1999. STS skal gi et totalt bilde av antall ansatte i skoleverket. De beregninger som er foretatt av merkostnadene ved to ekstra lønnstrinn gir derfor et så godt anslag over de totale kostnadene som det er mulig å gi. Disse medlemmer mener det ikke er grunnlag for å si at KS sine tall er mer sikre enn departementets.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
« I statsbudsjettet for 2000 gjøres følgende endringer:
| Kap. | Post | Formål: | Kroner |
|---|
| 571 | Rammetilskudd til kommuner | ||
| 60 | Innbyggertilskudd/utgiftsutjevning, forhøyes med | 1.006.000.000 | |
| fra kr 29.483.608.000 til kr 30.489.608.000 | |||
| 572 | Rammetilskot til fylkeskommuner | ||
| 60 | Innbyggertilskudd/utgiftsutjevning, forhøyes med | 468.125.000 | |
| fra kr 15.672.543.000 til kr 16.140.668.000 » |
Komiteen viser til korrespondanse med departementet som gjer det klart at det ikkje vert gjeve kompensasjon til private skular og til folkehøgskular. Dette inneber at desse skulane vil kunna få vanskar med å få budsjettet i år til å gå i hop.
Komiteen vil peika på at lærarar i desse skuleslaga i sine avtalar har høve til å krevja løns- og arbeidstilhøve tilsvarande dei som ekstraordinært er forhandla fram i år i det offentlege.
Komiteen vil tilrå at også alle private skular og alle folkehøgskular får kompensasjon i samsvar med den tilskotssatsen som elles gjeld. Det vises til svarbrev frå Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden (datert 21. november 2000) der det framgår at dette inneber ei ekstra løyving på 5,5 mill. kroner til folkehøgskulane og 22 mill. kronar til dei private skulane.
På denne bakgrunn gjer komiteen slikt
framlegg om endringar i statsbudsjettet for 2000:
« I statsbudsjettet for 2000 gjerast følgjande endringar:
| Kap. | Post | Formål: | Kroner |
|---|
| 240 | Private skular m.v. | ||
| 70 | Tilskot, overslagsløyving, vert auka med | 22.000.000 | |
| frå kr 1.061.115.000 til kr 1.083.115.000 | |||
| 253 | Folkehøgskular | ||
| 60 | Tilskot til fylkeskommunale folkehøgskular, kan nyttast under post 70, vert auka med | 800.000 | |
| frå kr 38.838.000 til kr 39.638.000 | |||
| 70 | Tilskot til andre folkehøgskular, kan nyttast under post 60, vert auka med | 4.700.000 | |
| frå kr 329.249.000 til kr 333.949.000 » |