|
Olje- og energidepartementet foreslår i meldinga ei omlegging av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark med verknad frå 1. januar 2001. Årsaka til omlegginga er i hovudsak endringar mot meir opne kraftmarknader på kontinentet og den nordiske elbørsen Nord Pool ASA si etablering av prisområde i Danmark.
Departementet legg i meldinga opp til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark over Skagerrakkablane skal byggje på dei same prinsippa som i dag gjeld for utveksling av kraft mellom Noreg, Sverige og Finland, jf St.meld. nr. 11 (1995-1996) Om organisering av krafthandelen med Sverige, Innst.S.nr.97 (1995-1996) og utgreiinga om krafthandelen med Finland i St.prp. nr. 1 (1998-1999), jf B.innst.S.nr.9 (1998-1999).
Omlegginga vil føre til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal baserast på Nord Pool sine områdeprisar. Den norske delen av kostnadene og flaskehalsinntektene knytt til Skagerrakkablane og det norske landanlegget, skal etter omlegginga falle innanfor sentralnettsordninga.
Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark blir i dag regulert i samsvar med prinsipp fastsett i St.meld. nr. 46 (1992-1993) Om langsiktig kraftutveksling med utlandet, jf Innst.S.nr.229 (1992-1993).
Omlegginga av kraftutvekslinga med Danmark vil krevje konsesjon frå Olje- og energidepartementet, i samsvar med § 4-2 i energilova.
Departementet viser til at omlegginga av kraftutvekslinga vil bidra til ein meir open og integrert nordisk kraftmarknad, og organiseringa av kraftutvekslinga med Danmark vil vere betre tilpassa opnare kraftmarknader på kontinentet.
Omlegginga vil føre til ein samla auke i sentralnettstariffen med opp til 11 %, eksklusiv Noreg sin del av flaskehalsinntektene.
Forslaget til ny organisering av kraftutveksling mellom Noreg og Danmark får ingen konsekvensar for dei to planlagde kablane til Tyskland og Nederland.