Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.104 (2000-2001)
Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til at Norge deltar i EØS-komitébeslutning om innlemmelse av diversedirektivet (95/2/EF), fargestoffdirektivet (94/36/EF) og søtstoffdirektivet (94/35/EF) i EØS-avtalen


oversikt første forrige neste

5. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og det som står framføre, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.
1.Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av diversedirektivet ( 95/2/EF ) i EØS-avtala.
2.Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av fargestoffdirektivet ( 94/36/EF ) i EØS-avtala.
3.Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av søtstoffdirektivet ( 94/35/EF ) i EØS-avtala.

II.

       Stortinget ber Regjeringa fremje forslag som presiserer krava til tydelege og lettfattelege vare- og innhaldsdeklarasjonar/-merking av næringsmiddel. For næringsmiddel utan emballasje må det lagast eigne system. Det må spesielt leggjast vekt på krava som allergikarar og andre har for tydelege vare- og innhaldsdeklarasjonar.

       Stortinget ber også Regjeringa gjennomføre informasjonstiltak når det gjeld bruk av tilsetjingsstoff i næringsmiddel andsynes norske forbrukarar.

Oslo, i næringskomiteen, den 16. januar 2001

Morten Lund
leiar
Kjell Opseth
ordførar og sekretær



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon