|
Framlegg 1
Stortinget ber Regjeringa leggje fram
ei analyse over kva konsekvensar IKT-utviklinga har for arbeidsmarknaden i
distrikta, og kva tiltak som må gjerast for å sikre at også dei perifere
delar av landet kan ta del i den nye teknologien.
Framlegg 2
Stortinget ber Regjeringa leggje fram ein plan for utlokalisering av eksisterande og nye statlege verksemder frå Oslo.
Framlegg 3
Stortinget ber Regjeringa
tilretteleggje for oppretting av ein eiga ungdomseining i SND, eit
Ungdommens nærings- og distriktsutviklingsfond.
Framlegg 4
Stortinget ber Regjeringen fastlegge
rutiner som sikrer at konsekvensene for distriktspolitikken blir utredet som
en del av beslutningsgrunnlaget når Stortinget skal avgjøre om politikken på
viktige samfunnsområder skal legges om.
Framlegg 5
Stortinget ber Regjeringa opprette ein
post på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett for utbygging av
breibandnett i dei områda av landet der marknaden i seg sjølv ikkje er sterk
nok til å etterspørre breiband.
Framlegg 6
Stortinget ber Regjeringen innen utgangen av 2001 å sørge for at det blir igangsatt minst 10 prosjekter for å øke bruken av bioenergi og vannbåren varme.
Framlegg 7
Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag om at hoveddelen av de distriktspolitiske virkemidlene legges inn i bevilgningsrammer som i sin helhet disponeres av kommuner og fylkeskommuner etter vedtatte planer og lokale behov.