Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.318 (2000-2001)
Innstilling frå kommunalkomiteen om distrikts- og regionalpolitikken


oversikt første" forrige

9. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget ber Regjeringa om å bidra til utdanning av fleire positivitetsagentar. Drifta av Positivitetsagentsekretariatet på Vega bør forankrast hos dei berørte kommunane og fylkeskommunane.

II.

       Stortinget ber Regjeringa i budsjettet for 2002 gjere greie for korleis kommunane kan stimulerast til å ta i bruk web-basert undervisning, m.a. elektroniske klasserom.

III.

       St.meld. nr. 34 (2000-2001) - Om distrikts- og regionalpolitikken - vert å leggja ved protokollen.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 6. juni 2001

Berit Brørby
leiar
Magnhild Meltveit Kleppa
ordførar
Erna Solberg
sekretær


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon