|
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, og frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, er kjent med at forhandlingane mellom EFTA og EU om EØS-avtalen protokoll 2 og 3 har pågått i mange år. Fleirtalet vil visa til at Stortinget med jamne mellomrom har blitt orientert og konsultert i denne saka.
Fleirtalet vil likevel visa til at ein har hatt svært kort tid til å handsama denne saka i komiteen.
Fleirtalet sluttar seg til forslaget
frå Regjeringa.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser til merknaden frå Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet i B.innst.S.nr.1 (2001-2002) s. 80.
Desse medlemene meiner at denne saka har vore behandla på ein svært lite tilfredsstillande måte frå Regjeringa i høve til Stortinget. Desse medlemene meiner tidsfristane for behandlinga i Stortinget har vore uakseptable, og at behandlinga derfor ikkje har vært forsvarleg sett ut frå demokratiomsyn, og omsynet til kvalitet i behandlinga.
Desse medlemene meiner at konsekvensane for norsk næringsliv og landbrukssektoren heller ikkje er gjort greie for på ein god nok måte i St.prp. nr. 29 (2001-2002).
Desse medlemene legg til grunn at
demokratiomsyn talar for at denne saka skulle ha vore utsett, slik at
Stortinget kunne ha behandla saka forsvarleg og slik at ein kunne lagt til
rette for offentleg debatt. Det er svært betenkelig at resultatet av ein
prosess som har pågått i om lag 10 år, får ei ukes behandling i Stortinget.
På denne bakgrunn fremmar desse medlemene forslag om at saka vert utsett, og
kjem subsidiært til å stemme i mot avtalen.
Komiteens medlem fra Senterpartiet vil gå imot foreslåtte endringer av EØS-avtalens protokoll 2 og 3. En ytterligere nedbygging av det norske tollvernet vil gi en allerede hardt presset næringsmiddelindustri ytterligere problemer. Dette truer viktige industriarbeidsplasser, særlig i distriktene. Et av målene med næringspolitikken må være økt verdiskaping og sysselsetting i Norge. Dette medlem ser ikke at en forverring av rammebetingelsene til industrien vil føre til dette.
Dette medlem er videre bekymret over utsiktene til at industribeskyttelsen som ligger i tollsatsene, skal avvikles.
Dette medlem vil minne om at målet for norsk landbrukspolitikk er et desentralisert landbruk med variert bruksstruktur. En nedbygging av tollvernet og den dynamikken som ligger i EØS-avtalen på dette punktet, vil vanskeliggjøre ønsket om å bidra til et slikt landbruk i framtida.