|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde og frå Kystpartiet, Karl-Anton Swensen, viser til at bakgrunnen for forslaget er at Folketrygdfondet har søkt om dispensasjon frå reglementet for Folketrygdfondet etter at fondet etter restruktureringa av Kværner si gjeld, blei sitjande med eit ansvarleg lån på 390 mill. kroner.
Komiteen viser vidare til at reglementet ikkje gir Folketrygdfondet høve til å investere i ansvarlege lån, og at Regjeringa, slik departementet ser det, ikkje har fullmakt til å gi dispensasjon.
Komiteen meiner at « Kværnersaka » viser at det er behov for å gi Regjeringa ei fullmakt til å gi dispensasjon i slike særlege tilfelle, og at Stortinget blir orientert om bruk av fullmakta ved første passelege høve.
Komiteen sluttar seg derfor til forslaget.