|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Gunn Marit Helgesen og Hans Kristian Hogsnes, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Helge Bjørnsen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til arbeidet med ILO-konvensjon nr. 184 om sikkerhet og helse i landbruket, der Den norske ILO-komiteen tilrår ratifisering under føresetnad om at det i artikkel 3 i konvensjonen blir gjort unntak for avløysarar. Komiteen viser vidare til at dei fleste høyringsinstansane har tilrådd ratifisering, men at det òg er påvist klar usemje mellom intensjonane i konvensjonen og norsk praksis. Det er til dømes frå Norges Bondelag i høyringsuttalelsen av 19. september 2002 reist spørsmål om tilslutnaden til konvensjonen vil innebere krav om obligatorisk bedriftshelseteneste i landbruket. Det framgår av Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering at det vil vere behov for endringar i føresegna til arbeidsmiljølova for å etterleve krava i konvensjonen.
Komiteen er positiv til ratifisering av konvensjonen. Komiteen merkar seg at departementet no arbeider med avklaring av ulike spørsmål. Komiteen føreset at eit slikt arbeid skjer i nær dialog med lanbruksnæringa. Komiteen meiner at dersom ei slik avklaring fører til at ei ratifisering av konvensjonen vil innebere auka kostnader for næringa, bør saka tilbake til Stortinget før ei eventuell ratifisering.
Komiteen viser til at konvensjon nr. 175 om deltidsarbeid av 1994 vart lagt fram for Stortinget i St.meld. nr. 36 (1994-1995). Av meldinga gjekk det fram at ein måtte vurdere nærare eit eventuelt behov for lovendringar for å kunne oppfylle konvensjonen. Dette galdt særleg føresegnene til aksjelova. Dei føresegnene som omhandlar arbeidstakarane sin rett til representasjon i styrande organ er no endra og såleis fullt ut i samsvar med ILO-konvensjonen.
Komiteen viser til at både departementet og Den norske ILO-komiteen såleis no tilrår ratifisering, og sluttar seg til ei slik vurdering.