|
Ved rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap vert det innført ei ny felles europeisk selskapsform som er basert på at slike selskap skal kunne skipast etter dei same reglane utan omsyn til kva land selskapet er registrert i.
Føremålet med direktiv 2001/86/EF om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane er å regulere innverknaden til arbeidstakarane i slike selskap. Gjennom reglane om medinnverknad vert arbeidstakarane sikra bedriftsdemokratiske rettar på arbeidsplassen slik at dei får høve til å påverke viktige avgjerder som vert tekne i samband med forvaltinga av selskapet.
I medhald av artikkel 3 i direktivet skal det, når det vert planlagt å skipe eit europeisk selskap, så snøgt som råd setjast i gang forhandlingar med dei tilsette om medinnverknad i det europeiske selskapet. I samband med dette skal det skipast eit særskilt forhandlingsorgan som omfattar representantar for dei tilsette frå selskapa som tek del i skipinga av det europeiske selskapet.
Avtala skal ikkje innebere dårlegare ordningar for medinnverknad i eit europeisk selskap enn det dei tilsette i dei deltakande selskapa hadde før skipinga av det europeiske selskapet, med mindre eit kvalifisert fleirtal av dei tilsette er samde i dette. Avtala skal regulere retten dei tilsette har til informasjon, konsultasjon og medinnverknad (representasjon i styrande organ) i selskapet. Dersom det ikkje vert gjort ei avtale om medinnverknad, vil eit sett standardføresegner verte nytta. Standardføresegnene er fastsette i direktivet, der det òg vert gjeve nærmare reglar om informasjon, konsultasjon og medinnverknad. Det kan på visse vilkår gjerast avtale om i staden å nytte dei gjeldande reglane for informasjon og konsultasjon i dei landa der det europeiske selskapet har tilsette.
I norsk rett er det ingen føresegner som sikrar medinnverknaden til arbeidstakarane i eit europeisk selskap slik dei er gjort greie for i direktivet. Gjennomføringa av direktivet krev difor ei lovendring. Korleis direktivet nærmare skal gjennomførast er enno ikkje endeleg avklart. Fleire alternative gjennomføringsmåtar kan vere aktuelle. Gjennomføringa av direktivet må sjåast i samanheng med gjennomføringa av forordninga om det europeiske selskapet. Dersom forordninga skal gjennomførast i norsk rett som ei eiga lov, vil det vere naturleg å gjennomføre direktivet i eller i medhald av denne lova. Det tilsvarande kan tenkjast dersom forordninga skal gjennomførast gjennom endring i aksjelovgjevinga.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet tek del i ei ekspertgruppe som er oppnemnd av Kommisjonen, og som har sett seg føre å klarleggje innhaldet i direktivet. Aktuelle gjennomføringsmåtar er blant dei tema som skal takast opp til diskusjon. Det er naturleg at ein ved val av gjennomføringsmåte tek omsyn til korleis dette vert gjort i andre europeiske land.
Gjennomføringa av direktivet fører ikkje med seg administrative og økonomiske konsekvensar for næringslivet ettersom det er frivillig å nytte denne selskapsforma.
Det offentlege vil påførast visse kontrolloppgåver med omsyn til registreringa av eit europeisk selskap. Føresegnene i direktivet vil ikkje innebere auka offentlege utgifter som følgje av gjennomføringa.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.