|
Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på kap. 1310 post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 9 mill. kroner som følgje av m.a. lågare kompensasjonskrav frå flyselskapa etter at dei blei tekne ut av verkeområdet for meirverdiavgifts-loven.
På grunn av utsett innflytting i utvida bygg for Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane, blir løyvinga på kap. 1314 post 1 Driftsutgifter, foreslått redusert med 1,5 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å opprette eit interimselskap for å førebu omdanninga av Luftfartsverket til aksjeselskap frå 1. januar 2003.
Departementet foreslår å løyve 100.000 kroner i eigenkapital til interimselskapet under kap. 1315 post 90 Eigenkapital.
Det blir foreslått å løyve 392 mill. kroner som avdrag på statslån til Oslo Luftfhavn AS. I samsvar med avtalen blei første avdrag på lånet betalt i juni 2002. Beløpet er ved ein inkurie førebels ikkje budsjettert.
Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til forslaga.