Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.66 (2002-2003)
Innstilling frå samferdselskomiteen om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område


oversikt første forrige neste

5. Programkategori 21.50 Jernbaneformål

5.1 Samandrag

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn

Post 1 Driftsutgifter

       Departementet foreslår å løyve 2,7 mill. kroner på kap. 1354 post 1 Driftsutgifter, for å oppretthalde høgt prioriterte aktivitetar i Statens jernbanetilsyn. Hovudårsaka til meirforbruket er at arbeidet med godkjenning av rullande materiell til NSB AS og Flytoget AS har blitt meir omfattande enn rekna med.

Kap. 5671 Renter og utbytte fra BaneTele AS

Post 80 Renter

       Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 5671 post 80 Renter, med 19 mill. kroner, m.a. som følgje av at lånet til BaneTele AS er blitt forlengd i 2002.

       På grunn av at det ikkje blei betalt utbytte frå BaneTele for rekneskapsåret 2001, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 5671 post 81 Utbytte, med 8 mill. kroner.

5.2 Merknader frå komiteen til jernbaneformål

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til forslaga.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon