Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.66 (2002-2003)
Innstilling frå samferdselskomiteen om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område


oversikt første forrige neste

4. Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

4.1 Samandrag

Kap. 1330 Særskilde transporttiltak

Post 71 Tilskot til ekspressbussar

       På grunn av mindre produksjon tidlegare år enn rekna med, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 1330 post 71 Tilskot til ekspressbussar, med 9 mill. kroner.

Senjaferjene

       Departementet foreslår at Senjaferjene får utbetalt 1,75 mill. kroner til drifta i 2002. Departementet legg til grunn at statleg tilskot i 2002 ikkje gir føringar for statleg tilskot i seinare år.

       Av praktiske årsaker foreslår Samferdselsdepartementet at summen på 1,75 mill. kroner blir postert på kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar post 60 Innbyggjartilskot.

4.2 Merknader frå komiteen til særskilde transporttiltak

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har ingen merknader og sluttar seg til forslaga.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at bevilgningen på post 71 kan overføres. På bakgrunn av Regjeringens forslag til bevilgning på denne posten for 2003, mener disse medlemmene at det vil være behov for restmidlene i 2003.

       Disse medlemmer vil derfor gå imot Regjeringens forslag under kap. 1330 post 71.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon