|
Det blir i dokumentet fremja følgjande
forslag:
« Stortinget ber Regjeringa utsetja ei
eventuell endring av forskrifta som regulerer praksisen ved utskriving av
ferdigbehandla pasientar frå sjukehus. »
Som bakgrunn for forslaget peiker forslagsstillarane på at praksis ved utskriving av ferdigbehandla pasientar og overføring til kommunalt ansvar er regulert i forskrift, og at mange kommunar no opplever eit press frå helseforetaka slik at fleire pasientar vert utskrivne tidlegare enn før, noko som medfører nye oppgåver og andre krav til helsepersonell i kommunane.
Det blir vist til at forslag om endring av forskrift om kommunal betaling for ferdigbehandla pasientar har vore ute til høyring, og at forslaget inneber ei nedkorting av dagens varslingsfrist til kommunane, auke i dagpengemulkten samt endra ordbruk frå « ferdigbehandlet » til « utskrivingsklar ».
Forslagsstillarane ser i utgangspunktet positivt på at fleire pasientar ved sjukdom kan få pleie og oppfylgjing i eige nærmiljø, forutsett eit forsvarleg medisinskfagleg opplegg. Dei finn likevel grunn for å understreka at ei slik endring i oppgåver for kommunane krev både mykje førebuing og auka ressursar.
Forslagsstillarane finn det uakseptabelt at Regjeringa ved ei forskriftsendring innfører ein praksis som direkte kan gå utover andre lovpålagde oppgåver i kommunane, og meiner at ei endring i høve til den forskrifta som gjeld i dag, bør utarbeidast i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund.