Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.206 (2002-2003)
Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om forslag frå Carl I Hagen om endring av Grunnlova § 71 (Opphør av partimedlemskap)


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Kjell Engebretsen og Jørgen Kosmo, frå Høgre, André Dahl og Martin Engeset, frå Framstegspartiet, Carl I Hagen og Henrik Rød, frå Sosialistisk Venstreparti, Siri Hall Arnøy og Ågot Valle, og frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan, viser til forslag frå Carl I Hagen om endring av Grunnlova § 71 (opphør av partimedlemskap) og til Hagen si grunngjeving for forslaget.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til at ut frå Grunnlova er den einskilde stortingsrepresentanten vald inn personleg og ikkje som medlem av eit parti. Ein stortingsrepresentant er reint juridisk uavhengig av veljarane sine, partiet sitt og distriktet sitt, og har ikkje moglegheit til å trekkje seg frå vervet.

       Fleirtalet har merka seg at grunngjevinga for forslaget er at veljarane, i følgje forslagsstillaren, stemmer på eit parti og ut frå eit partiprogram, og ikkje på einskildpersonar. Fleirtalet meiner likevel at ved stortingsval, som ved andre val, kan personlege eigenskapar ved ein kandidat vere avgjerande for veljarane sine avgjerder om partival. I løpet av ein stortingsperiode skal representantane ta stilling til ei rad saker som ikkje er uttømmande behandla i partiprogramma, og der den personlege dømmekrafta til den einskilde representanten vil vere viktig. Etter fleirtalet si oppfatning er det viktig å oppretthalde prinsippet om at den einskilde representanten er personleg ansvarleg, ovafor veljarane, for standpunkta sine og stemmegjevinga si.

       Fleirtalet vil streke under at partia ikkje har nokon forfatningsrettsleg kompetanse. Eit parti er ikkje underlagt parlamentarisk og konstitusjonelt ansvar. Fleirtalet viser til at forslaget inneber ei forskyving av innverknaden på samansettinga av Stortinget, frå veljarane til partiorgana, for eksempel ved at eit parti ekskluderer ein stortingsrepresentant. Slik fleirtalet ser det er det ikkje gitt at veljarane ønskjer at ein person skal slutte som stortingsrepresentant sjølv om vedkommande blir ekskludert, eventuelt også om vedkommande sjølv melder seg ut. I perioden mellom to val vil spørsmålet om kva veljarane ønskjer berre vere hypotesar.

       Fleirtalet viser til at det i grunngjevinga for forslaget blir hevda at « velgeren vet at det er flertallet i demokratiske partier som bestemmer og at mindretallet i omstridte saker kan bindes til å stemme sammen med flertallet hvis det er to tredjedels flertall for en slik binding ». Fleirtalet stiller seg undrande til denne utsegna, mellom anna fordi dei ulike partia på Stortinget har ulike tradisjonar, reglar og praksis når det gjeld i kva for situasjonar gruppene blir pålagde å stemme samla. Fleirtalet vil vidare understreke at ordningar med binding av partigrupper ikkje har nokon rettsleg status, verken i Grunnlova eller i anna lovverk.

       Fleirtalet viser også til at forslaget opnar for at ein representant kan få moglegheit til å trekke seg frå stortingsvervet i løpet av perioden ved å melde seg ut av partiet. Dette ville vere eit brot med prinsippet om dei valde representantane sin plikt til å ta imot og utøve vervet.

       Fleirtalet meiner det ikkje er ønskjeleg å endre det systemet vi har i dag og går inn for at forslaget ikkje vert vedteke.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til begrunnelsen i forslaget og vil anbefale at forslaget bifalles.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon