Innst.S.nr.284 (2002-2003)
Innstilling frå sosialkomiteen om trygdeoppgjeret 2003
Samandrag
Det blir i proposisjonen fremja
forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på
statsbudsjettet for 2003 som følgje av dette.
Det blir gjort greie for drøftingane
mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
og Landsorganisasjonen i Noreg. Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet
blei haldne 27., 28. og 29. mai 2003. Møta førte ikkje fram til semje.
Det blir uttala at til grunn for
staten sitt tilbod ligger retningslinjene for regulering av G slik dei blei
vedtatt av Stortinget 28. mai 2003, jf
Innst.S.nr.223
(2002-2003) og Stortingets føresetnad om at etterslepet fram til 2001 skal
kompenserast med ein auke av G med 0,6 prosent svarande til ein kostnad på
572 mill. kroner i 2003, dvs. ein auke av G med 319 kroner frå 1. mai 2003.
Vidare blei det tilbode ein kompensasjon for etterslepet frå perioden 2001
til 2002 på 0,5 prosent eller 266 kroner frå 1. mai 2003 rekna av
gjennomsnittleg G for 2002. For perioden 2002 til 2003 var staten sitt
utgangspunkt anslaget for lønnsveksten i konkurranseutsett sektor på 4
prosent som motsvarar eit tillegg i G på 1.789 kroner frå 1. mai 2003.
Samla tilbod blei etter dette ein auke på 2.374 kroner som utgjer ein vekst
frå 2002 til 2003 på 4,73 prosent. Det blei og frå staten si side foreslått
ein reguleringsklausul som innebar eit tillegg i G frå 1. januar 2004 som
motsvarer forskjellen mellom anslaget for lønnsveksten og veksten i G frå
2002 til 2003.
Organisasjonane sitt krav var dekning
av etterslep frå 2000 til 2001 på 0,6 prosent, etterslep frå 2001 til 2002
på 0,7 prosent og ei berekna årslønnsvekst frå 2002 til 2003 på 5,0 prosent.
Det samla kravet til auke av G blei etter dette 3.630 kroner frå 1. mai
2003, dvs. 6,70 prosent.
Framlegget frå Regjeringa tyder at
grunnbeløpet i folketrygda blir foreslått auka med 2.374 kroner frå 54.170
kroner til 56.544 kroner. Det vert peika på at auken i grunnpensjon for
ektepar og sambuande som Stortinget har vedteke, er kostnadsrekna til om lag
960 mill. kroner på årsbasis og slår ut med knapt 0,5 prosent i
inntektsvekst frå 2002 til 2003 slik at inntektsveksten for pensjonistane i
år vert om lag 5,2 prosent dersom framlegget frå Regjeringa blir vedteke.
Tabellen nedanfor viser utviklinga i
minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter
forslaget til pensjonsregulering.
Utvikling av minstepensjonane og
pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.90-30.04.04. Kroner.
| |
Minstepensjon | Unge uføre
fødde før 1941 |
| |
Per år | Per mnd |
Per år | Per mnd |
Per år | Per mnd |
| 1.01.90-30.04.90 |
51.839 | 4.320 |
83.972 | 6.998 |
56.748 | 4.729 |
| 1.05.90-30.11.90 |
54.220 | 4.518 |
87.960 | 7.330 |
58.980 | 4.915 |
| 1.12.90-30.04.91 |
54.378 | 4.532 |
88.217 | 7.351 |
65.2901 | 5.4411 |
| 1.05.91-30.04.92 |
56.978 | 4.748 |
92.158 | 7.680 |
75.6882 | 6.3072 |
| 1.05.92-30.04.93 |
58.583 | 4.882 |
94.752 | 7.896 |
85.7753 | 7.1483 |
| 1.05.93-31.12.93 |
59.868 | 4.989 |
96.816 | 8.068 |
87.6484 | 7.3044 |
| 1.01.94-30.04.94 |
59.868 | 4.989 |
101.0885 | 8.4245 |
87.6484 |
7.3044 |
| 1.05.94-31.12.94 |
61.116 | 5.093 |
103.200 | 8.600 |
89.4844 | 7.4574 |
| 1.01.95-30.04.956 |
61.512 |
5.126 | 103.992 |
8.666 | 89.4844 |
7.4574 |
| 1.05.95-30.04.96 |
63.372 | 5.281 |
107.136 | 8.928 |
92.184 | 7.682 |
| 1.05.96-30.04.97 |
66.240 | 5.520 |
111.984 | 9.332 |
96.360 | 8.030 |
| 1.05.97-30.04.987 |
69.360 |
5.780 | 117.456 |
9.788 | 105.672 |
8.8018 |
| 1.05.98-30.04.999 |
81.360 |
6.780 | 140.040 |
11.670 | 112.752 |
9.396 |
| 1.05.99-30.04.00 |
84.204 | 7.017 |
144.912 | 12.076 |
116.676 | 9.723 |
| 1.05.00-30.04.01 |
88.032 | 7.336 |
151.512 | 12.626 |
121.992 | 10.166 |
| 1.05.01-30.04.02 |
92.100 | 7.675 |
158.520 | 13.210 |
127.632 | 10.636 |
| 1.05.02-30.04.03 . |
97.140 | 8.095 |
167.208 | 13.934 |
134.616 | 11.218 |
| 1.05.03-30.04.0410 |
101.400 |
8.450 | 180.19211 |
15.016 |
140.508 | 11.709 |
| 3 | Frå
1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa) |
| 4 | Fødde
før 1943 (1.1.26-31.12.42) |
| 5 | Heving
av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 prosent av
grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats. |
| 6 | Heving
av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent av grunnbeløpet.
|
| 7 | Heving
av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet
(minstesats 57,5 prosent). |
| 8 | Auking
av garantert poengtall frå 3 til 3,3. |
| 9 | Heving
av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet,
medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet. |
| 10 | Med
atterhald om vedtak i Stortinget. |
| 11 | Utrekninga
tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er auka frå 0,75 G til 0,8 G
frå 1. mai 2003
|
Kjelde:Rikstrygdeverket
Frå 2001 til 2002 auka grunnbeløpet,
tilleggspensjonane og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 5,2
prosent. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var
lønsveksten frå 2001 til 2002 5,7 prosent for alle grupper under eitt.
I Revidert nasjonalbudsjett 2003 er
det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2002 til 2003
på om lag 4, 5 prosent for alle grupper under eitt og ein prisvekst på om
lag 2,75 prosent.
Det blir i proposisjonen gjort greie
for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2003 i hovudsak er ei
vidareføring av skattereglane frå 1992.
Reguleringa har òg konsekvensar for
krigspensjoneringa, og for 2003 blir det rekna med meirutgifter på 8 mill.
kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 19 mill. kroner for
krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon
blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at
løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 27 mill. kroner.
På bakgrunn av at avtalefesta pensjon
og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå
folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta
pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 20 mill. kroner. og at løyvinga til
pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 13 mill. kroner i
tillegg til auke som er foreslått i
St.prp. nr. 65 (2002-2003).
Det blir rekna med at det er eit
meirbehov under attføringspengar på 216 mill. kroner grunna auken i
grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 2003 under kap.
2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 216
mill. kroner.
Det blir i proposisjonen gjort greie
for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved
utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av
levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov
på om lag 3 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2003. På
bakgrunn av dette blir løyvinga for 2003 under kap. 2543 Ytingar til
yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 3 mill.
kroner.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon