Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.29 (2003-2004)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/65/EF om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

1.1 Bakgrunn

       Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 vart vedlegg IX (finansielle tenester) og vedlegg XIX (forbrukarvern) til EØS-avtala endra ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar, og om endring av rådsdirektiv 90/619/EØF og av direktiv 97/7EF og 98/27/EF .

       Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

       Avgjerda tek til å gjelde 17. mai 2004.

1.2 Nærmere om direktivet

       Utviklinga på det finansielle området har vore snøgg og omfattande dei siste åra. Stadig nye produkt vert utvikla og bodne fram for forbrukarane. Samstundes er det ei utvikling i retning av at forbrukarane i stadig større grad gjer avtaler om finansielle tenester per telefon eller via Internett.

       Direktivet gjeld avtaler om finansielle tenester som vert gjorde ved fjernsal. Fjernsal er marknadsføring som finn stad og avtaler som vert gjorde utelukkande ved bruk av fjernkommunikasjonsmiddel og utan at avtalepartane møtest fysisk, t.d. når avtala vert gjort per Internett, telefon, brev eller telefaks. Omgrepet « finansielle tjenester » femner vidt, og dekkjer mellom anna forsikring og individuelle pensjonsordningar, tradisjonelle banktenester som kontohald, avtaler om betalingskort og betalingsformidling, og dessutan investeringstenester, så som avtaler som er knytte til kjøp av fondsdelar og aksjar. Definisjonen er ikkje uttømmande, slik at han vil fange opp nye produkt som vert utvikla og bodne fram for forbrukarane. Ettersom direktivet dekkjer så ulike tenester, er reglane på ein del punkt tilpassa særpreget ved dei ulike tenestene, slik at ulike reglar vil gjelde alt etter kva slags teneste det er tale om. Avtaler som er knytte til aksjar og andre produkt som svingar i verdi, er til dømes ikkje omfatta av angreretten.

       Berre avtaler mellom forbrukarar og næringsdrivande er omfatta, og direktivet gjeld òg i høve til offentlege institusjonar som yter finansielle tenester.

       Direktivet utfyller det generelle fjernsalsdirektivet 97/7/EF , som er ein del av EØS-avtala (jf avgjerd i EØS-komiteen nr. 15/98 av 6. mars 1998), og der finansielle tenester var haldne utanfor verkeområdet i påvente av direktivet som no er vedteke.

       Hovudføresegnene i direktivet inneheld m.a. reglar om krav til informasjon som skal gjevast forbrukaren før avtala vert gjord, krav om at forbrukaren skal få opplysningar og avtalevilkår skriftleg og innføring av ein rett til å gå frå avtala.

       Føresegnene skal gjerast ufråvikelege, dvs. at forbrukaren ikkje skal kunne fråskrive seg dei rettane som reglane gjev.

1.3 Forholdet til norsk rett

       Dei fleste av føresegnene i direktivet inneber full harmonisering. Det vil seie at ein ved gjennomføringa i norsk rett må velje den eller dei løysingane som direktivet fastset. Eitt døme på dette er tidsrommet angreretten skal gjelde, som er 14 dagar for alle tenester bortsett frå forsikring. Full harmonisering tyder då at ein ikkje kan gå lenger i forbrukarvern og t.d. innføre tre vekers angrerett. Men når det gjeld informasjonskrava, kan statane halde ved lag strengare krav i påvente av vidare harmonisering.

       Lov om opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsalg og salg utanfor fast utsalgssted (angrerettlova), som gjennomfører det generelle fjernsalsdirektivet ( 97/7/EF ), tok til å gjelde 1. mai 2001. Dei to hovudelementa i angrerettlova er informasjonsplikt før og i samband med at det vert gjort avtaler, og angrerett. Finansielle tenester er i avgrensa grad omfatta av lova. Innlemming av direktivet i EØS-avtala vil føre til at det må gjerast endringar i angrerettlova, ved at reglane om opplysningsplikt og angrerett vert tekne inn i lova.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon