|
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Kjell Engebretsen og Jørgen Kosmo, frå Høgre,
André Dahl og Martin Engeset, frå Framstegspartiet, Carl I Hagen og Henrik
Rød, frå Sosialistisk Venstreparti, Siri Hall Arnøy og leiaren Ågot Valle,
og frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan, viser til framlegga frå
stortingsrepresentant Karin Andersen om å grunnlovfeste retten til bustad, i
ein ny § 110 d (Dok.nr.12:19). Slik komiteen forstår det, er framlegga
utforma slik at staten skal ha ein plikt til å syte for at alle får ein
eigna bustad, samtidig som den einskilde borgar ikkje skal kunne bruke
føresegna i ei rettssak mot staten, med påstand om å få tildelt ein stad å
bu.
Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at retten til ein rimeleg levestandard, mellom anna retten til ein tilfredsstillande stad å bu, er omhandla i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som er inkorporert i norsk lov i menneskerettslova. Menneskerettane generelt, og dermed også retten til ein rimeleg levestandard, er også gitt eit grunnlovsvern gjennom Grunnlova § 110 c, om at statlege styresmakter skal respektere og sikre menneskerettane. Fleirtalet meiner difor at retten til tilfredsstillande bustad alt er gitt eit tilstrekkeleg grunnlovsvern.
Fleirtalet meiner i utgangspunktet at Stortinget bør vere tilbakehalden med å ta inn programerklæringar på ulike politikkområde i Grunnlova. Dei individrettane som er nedfelt særskilt i Grunnlova, er i hovudsak føresegner som vernar den enkelte borgar mot inngrep frå staten, som rett til ytringsfridom og rett til erstatning ved ekspropriasjon.
Slik retten til ein tilfredsstillande levestandard er omhandla i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, skal den i praksis gjennomførast over tid, ved at styresmaktene prioriterar ut frå dei økonomiske ressursane som ligg føre. Bustadpolitikken er difor slik fleirtalet ser det, eit område som høyrer heime i dei politiske prioriteringane i budsjettsamanheng. Fleirtalet viser til at det er brei semje om å føre ein bustadpolitikk som gjev alle ein sjanse til å få ein eigna bustad, sjølv om det er ulike syn på kva for middel som skal nyttast.
Ut frå dette vil fleirtalet ikkje stø
framlegga til ny § 110 d i Grunnlova.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at staten har plikt til å sikre grunnleggende rettigheter som setter den enkelte i stand til å fungere som en likeverdig borger. Grunnloven skal sikre så vel demokratiske rettigheter som de grunnleggende materielle rettigheter.
Disse medlemmer mener bolig er et grunnleggende og uunnværlig materielt gode i Norge. Den som mangler bolig, vil ikke på lik linje med andre kunne nyte godt av samfunnets innsats på helt sentrale områder som helse, omsorg og skole. Mangel av bolig vil samtidig vanskeliggjøre den enkeltes mulighet for å ha et arbeid, og for å ta likeverdig del i de demokratiske prosesser som Grunnloven skal sikre.
Disse medlemmer understreker derfor at forslaget således har både et sosialt og et demokratisk aspekt. Retten til bolig er, i likhet med den grunnlovsfestede rett til arbeid, av avgjørende betydning for å kunne ivareta både samfunnets og enkeltmenneskets interesser.
Disse medlemmer anbefaler at alternativ A i forslaget om ny § 110 d i Grunnloven bifalles.