Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.139 (2003-2004)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram tilråding om endeleg disponering av betongunderstellet til behandlings- og kompressorplattforma TCP2 (Treatment and Compression Platform 2) på Frigg-feltet.

       Frigg er eit felles eigd norsk-britisk felt, der norsk del er 60,82 %. Olje- og energidepartementet fekk i november 2001 oversendt Frigg avslutningsplan som mellom anna omfattar etterlating av tre betongunderstell. Av desse står TCP2 på norsk side og dei to andre på britisk side av sokkelgrensa. Britiske og norske styresmakter har samarbeidd nært i behandlinga av avslutningsplanen.

       Innretningane på Frigg-feltet er samansett av tre betong- og to stålplattformer knytte saman med røyrleidningar og kablar. I tillegg er det eit stålunderstell som vart øydelagt under installasjon i 1974. Ei betong- og ei stålplattform og det øydelagte stålunderstellet står på norsk side.

       Olje- og energidepartementet ønskjer ikkje å nytte retten, som er fastsett i petroleumslova, til statleg overtaking av betongunderstellet TCP2 på Frigg. Det er ikkje identifisert høve til lønsam bruk av installasjonen på eit seinare tidspunkt.

       Departementet tilrår at betongunderstellet TCP2 blir etterlate på staden i samsvar med tilrådinga frå rettshavarane. Understellet vil bli avmerkt på sjøkart og det vil bli installert navigasjonsutstyr for å tryggje skipstrafikken. I medhald av kgl.res. 26. september 2003 er det vedteke at overbygningen på TCP2 skal fjernast og takast til land. Britiske styresmakter har godkjent å etterlate dei to betongunderstella på britisk side.

       Etterlating er grunngitt med at ein fjerningsoperasjon inneber ein uakseptabelt høg risiko for tap av menneskeliv og annan skade. Vurderinga er basert på risikoanalysar utførte og verifiserte av uavhengig teknisk ekspertise. I tillegg er ein fjerningsoperasjon vesentleg dyrare.

       Dei samla konsekvensane for miljøet som er knytte til å etterlate betongunderstellet er av Oljedirektoratet vurderte som akseptable. Ei konsekvensutreiing har vore på offentleg høyring. Det har ikkje komme fram forhold som tilseier at den tilrådde løysinga ikkje bør gjennomførast.

       I medhald av pliktene etter OSPAR-konvensjonen (konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet av 1992) er det gjennomført konsultasjon med dei andre konvensjonspartane. Ingen av desse har innvendingar mot etterlating.

       Basert på ei totalvurdering der ein har teke omsyn til teknisk gjennomføring, tryggleik for personell, miljøet, fjerningskostnader og verknader for andre brukarar av havet, tilrår Olje- og energidepartementet at betongunderstellet TCP2 blir etterlate på staden. Løyve til etterlating vil bli gitt på følgjande vilkår:

-utvendig stål og fleksible røyr og lysstoffrøyr inne i betongunderstellet skal fjernast og takast til land for gjenvinning
-navigasjonsutstyr skal installerast, og utstyret skal overvakast og haldast ved like regelmessig
-betongunderstellet skal avmerkjast på aktuelle sjøkart


oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon