Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.139 (2003-2004)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Mette Gundersen og Knut Werner Hansen, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S Enger, viser til at betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet vart konstruert og godkjent for transport til feltet og stasjonær plassering for produksjon utan å ta omsyn til fjerning av installasjonane. Før 1979 vart det ikkje stilt krav om at plattformene skulle konstruerast slik at dei skulle tola påkjenningar som heving og fjerning frå feltet kunne innebera. I denne saka har det likevel vore vurdert fleire ulike måtar å fjerne betongunderstellet på, men ingen av metodane har så låg risikofaktor at det er funne forsvarleg å tilrå fjerning.

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, er samd i at det av tryggleiksomsyn ikkje vil vera forsvarleg med dagens teknologi å fjerna betongunderstellet.

       Komiteen er oppteken av at det vert stilt strenge miljøkrav og krav om gjenvinning ved fjerning av plattformer og ved opprydding på havbotnen i området. Komiteen er samd i at stålkonstruksjonane og overbygningen på betongunderstellet vert fjerna og tekne til land. Komiteen er vidare samd i at skrot og alle installasjonar på havbotnen, bortsett frå betongunderstellet, innanfor ei sone på fem hundre meter rundt plattforma vert fjerna og disponert på land. Etter at dette oppryddingsarbeidet er sluttført, må det gjennomførast tråltest med tilfredsstillande resultat før fem hundre metersona kan opphevast.

       Komiteen viser til at alle tankar og røyr vil verta reingjorte for hydrokarbonar og kjemikaliar. Komiteen vil vidare fokusera på mogelege framtidige forureiningar etter at produksjonen er avslutta og installasjonane disponerte. I medhald av retningslinjer frå SFT (Kapittel 10-1) er det stilt detaljerte krav til rettshavarane om miljøovervaking og undersøkingar etter at produksjonen er avslutta. Styresmaktene ved SFT vil med utgangspunkt i resultata av undersøkingane vurdera om det vil vera behov for tiltak mot forureining og eventuelle nye undersøkingar. Komiteen har tillit til at SFT vil syta for god kontroll og oppfølging slik at det som selskapet får høve til å etterlata på feltet, ikkje representerer nokon miljørisiko eller fare, verken på kort eller lang sikt.

       Komiteen har merka seg at betongunderstellet skal avmerkjast på aktuelle sjøkart, og det skal installerast navigsjonsutstyr på betongunderstellet i samsvar med spesifikasjon frå Kystverket, i samarbeid med skotske Northern Lighthouse Board. Rettshavarane skal vera ansvarlege for drift, overvaking og vedlikehald av navigasjonsutstyret så lenge installasjonen kan representera ein fare.

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, er einig i framlegget til disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet.

       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at fjerningsplanen for Frigg-feltet omfattar i alt 6 plattformer, 3 betongplattformer og 3 stålplattformer, og at det er krevjande operasjonar å fjerna plattformer på Frigg-feltet. Dette fleirtalet kjenner til at i tillegg til dei selskapa som tek del i FEED-studier (Front End Engineering and Design), har både den nederlandske løysinga Pieter Schelte og den norske løysinga MPU Heavy Lifter teke del i alle fasar i prekvalifiseringa på Ekofisk. Desse løysingane har gjennom omfattande utvikling og testar fått dokumentert kva teknologi dei har, og det skulle tala for at dei er kvalifiserte til å ta del i konkurransen om oppdraga.

       Komiteen tar imidlertid utgangspunkt i at Total følgjer regelverket for innkjøp for oppdragsgjevarar innan energisektoren (Forsyningsdirektivet) ved val av selskap som skal rydda opp og fjerna offshoreinstallasjonar på norsk sokkel. Komiteen er oppteken av at norske selskap får oppdrag med opprydding og fjerning av installasjonar på sokkelen ut frå vanlege kommersielle vilkår.

       Etter komiteen si vurdering er det likevel ikkje Stortinget si oppgåve å avgjera kva selskap som skal delta i arbeidet med opprydding og fjerning av installasjonar på norsk sokkel.

       Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner at vilkåra til etterlating skal supplerast med at

-operatøren har ansvaret for å betale for miljøovervaking og undersøking etter at produksjonen er avslutta, samt for SFT sine utgiftar knytta til kontrollerer og oppfylgjing,
-operatøren skal teikne ei forsikring for utgiftene dersom det skulle bli naudsynt å fjerne konstruksjonar og borekaks eller gjere tiltak som hindrar forureining.

       Bakgrunnen for dette er at det er viktig å vidareføre ansvaret for ei eventuell historisk forureining, og fordi desse medlemene meiner det skal setjast i gang eit arbeid for å finne gjenbruk for de til saman 16 betongunderstella i Nordsjøen og teknologiutvikling som sikrar miljø, kvalitet og tryggleik i fjerning og tilbakeføring av plattformene.

       Desse medlemene viser òg til prinsippet om at forureinar skal betale, og viser i den samanhengen til PCB-oppryddinga i norske hamner, der staten vil sitje igjen med store deler av rekninga. Slik må det ikkje bli når namngjevne selskap reiser frå eit område etter avslutta aktivitet.

       Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa setje i gang eit arbeid for å finne attbruk for dei til saman 16 betongunderstella i Nordsjøen, og teknologiutvikling som sikrar miljø, kvalitet og tryggleik i fjerning og tilbakeføring av plattformene. I påvente av dette arbeidet og nærare utgreiing av Frigg-feltet, skal betongunderstellet TCP2 forseglast der det står. »



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon