|
EU-programmet for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (heretter kalla MODINIS) vart formelt vedteke i EU 17. november 2003 ved rådsvedtak 2256/2003/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2003-2005.
MODINIS er eit sentralt verkemiddel i verkeleggjeringa av Lisboa-strategien. Føremålet med MODINIS er på den eine sida å leggje til rette for initiativ til oppfølging og verkeleggjering av måla i e-Europa 2005, og på den andre sida å overvake utviklinga av informasjonssamfunnet innanfor ramma av ulike e-Europa-initiativ. Konkret vil dette innebere å levere statistikkar i regi av dei nasjonale statistikkbyråa. I samband med MODINIS er det skipa to styringsgrupper for e-Europa 2005, og Noreg har fått plass i begge gruppene. Styringsgruppa vil fungere som koordinator og pådrivar for arbeidet innanfor programma for elektronisk helse og elektronisk forvalting, e-Ten og andre IT-relaterte program.
Ved deltaking i programmet vil Noreg ha budsjettmessige plikter under heile programperioden (2003-2005). Noregs samla del av programutgiftene vil utgjere om lag 370.000 euro over 3 år, det vil seie om lag 3,6 mill. norske kroner. Utover dette kjem følgjande:
| - | utgifter til nasjonal ekspert - oppfølging frå PROMISE-programmet, |
| - | utgifter til nasjonal ekspert - e-Government-eininga, |
| - | norsk sekretariatsarbeid for ekspertstillingane, |
| - | utgifter til andre aktivitetar som er knytte til e-Europa-verksemda. |
Dei gjennomsnittlege kostnadene for programmet i perioden 2003-2005 vil difor i utgangspunktet vere 4,4 mill. kroner per år. For 2004 vert utgiftene dekte over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet, kap. 924, post 70 MODINIS. I samband med det reviderte nasjonalbudsjettet for 2004 og budsjettet for 2005 vil ein kome tilbake til eventuelle krav om auka rammer.
Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over 3 år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak 2256/2003/EF om innlemming i EØS-avtala av MODINIS følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Det fleirårige EU-programmet MODINIS vil danne grunnlaget for svært mykje av Europakommisjonens verksemd innanfor e-Europa og andre informasjonssamfunnsspørsmål dei neste åra. Noreg tek del i målsetjingane til EU for IT-politisk verksemd og difor meiner Nærings- og handelsdepartementet at Noreg vil ha stor nytte av å ta del i utveksling av røynsler, referansemåling og ei rekkje andre konkrete tiltak som skal setjast i verk under e-Europa-initiativet.