Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.150 (2003-2004)
Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at EU-programmet for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS) vart formelt vedteke i EU 17. november 2003. Programmet skal vare i tidsrommet 2003-2005.

       Komiteen er kjent med at norsk deltaking i MODINIS gjer det naudsynt med budsjettvedtak over tre år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Dei gjennomsnittlege kostnadene for programmet i perioden 2003-2005 vil i utgangspunktet vere om lag 4,4 mill. kroner pr. år.

       Komiteen viser elles til at Noreg frå 1999 tok del gjennom EØS-avtala i programmet PROMISE (1998-2002), som var forgjengaren til MODINIS og knytt til EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet, e-Europa 2005. Gjennom planane for e-Noreg har Noreg aktivt følgt opp initiativet til EU på IT-området. Fordi Noreg ønskjer ein aktiv IT-politikk er det viktig å følgje opp dei programma og initiativa som kjem inn under MODINIS og e-Europa.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon