Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.157 (2003-2004)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)


oversikt første forrige neste

Samandrag

       EU sitt program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet), vart vedteke i EU 5. desember 2003 og skal vare i tidsrommet 2004-2006. Programmet er ei vidareføring og oppgradering av handlingsplanen for e-læring frå 2001 under eEuropa-paraplyen, som Noreg tok del i. Noreg har gjennom EFTA kome med innspel til utforminga av programmet.

       Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak for treårsperioden. Stortinget må difor gi samtykke i å ta del i avgjerda i EØS-komiteen, jf §26 andre leddet i Grunnlova. For at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, fremjer departementet proposisjonen før EØS-komiteen tek si avgjerd.

       Departementet ventar ikkje at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda syner stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i proposisjonen, vil saka verte lagt fram for Stortinget på nytt.

       Det overordna målet for programmet er å støtte og vidareutvikle ein effektiv bruk av IKT i europeiske utdannings- og opplæringssystem, for såleis å medverke til at kvaliteten på utdanninga vert betre og å fremje tilpassinga av systemet til dei krava som kunnskapssamfunnet stiller innafor ramma av livslang læring.

       Dei særskilde måla for programmet er:

-å identifisere dei aktuelle aktørane og informere dei om korleis e-læring kan nyttast for å fremje digital kompetanse, og såleis medverke til å styrkje sosial utjamning og personleg utvikling, og å fremje dialogen mellom kulturar,
-å utnytte potensialet til e-læring for å styrkje den europeiske dimensjonen innafor utdanning,
-å skipe ordningar for å støtte utviklinga av europeiske produkt og tenester av høg kvalitet, og for å utveksle og overføre god praksis,
-å utnytte potensialet for e-læring innafor ramma av nyskaping i undervisningsmetodar, med sikte på å betre kvaliteten på læringsprosessen og å fremje sjølvstendet til dei som skal lære.

       Den finansielle ramma for programmet er på 44 mill. euro for heile treårsperioden. Løyvinga frå EFTA vil på dagens nivå (2,19 %) vere 0,9636 mill. euro over tre år. Noreg sin del (94,94 %) vil vere 914842 euro. Med ein eurokurs på 8,6 vil dette utgjere om lag 7,8 mill. kroner over tre år. I tillegg til dette vil Noreg vere plikta til å betale 292500 euro i administrasjonsutgifter til EU, noko som vil svare til om lag 2,5 mill. kroner. Totalt blir dette om lag 10,3 mill. kroner, noko som vil seie ei løyving per år i snitt på om lag 3,4 mill. kroner frå Noreg.

       I tillegg til den økonomiske løyvinga må dei statane som sluttar seg til programmet, skipa ei nasjonal eining som skal administrere programmet. Departementet ser det naturleg at administrasjonen av e-læringsprogrammet vert lagt til det nyskipa nasjonale organet Senter for internasjonalisering av høgre utdanning som ligg i Bergen. Dette organet vil òg administrere andre program som til dømes Sokrates og Erasmus Mundus. Det er venta at om lag 500.000 kroner vil gå med til administrasjonen av e-læringsprogrammet.

       Medrekna desse midlane vil programmet i snitt koste Noreg om lag 3,9 mill. kroner kvart år i tre år. Regjeringa vil kome attende til budsjettkonsekvensane av saka i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett for 2004. Utgiftene vil verte dekte over statsbudsjettet, kap. 248.

       Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.

       E-læringsprogrammet vil vere med på å styrke samhandlinga mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Europa. Det vil òg vere med på å knyte skolar i Europa saman i eit nettverk. Noreg har gode røynsle frå deltaking i noverande program i utdanningssektoren, med den auka vekt som vert lagt på internasjonalisering i alle delar av sektoren. Utdannings- og forskingsdepartementet rår difor til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av e-læringsprogrammet, og Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon