Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.157 (2003-2004)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, har ingen merknader og sluttar seg til proposisjonen.

       Utkast til innstilling om saka har vore lagt fram for utanrikskomiteen til uttale, jf referat frå Stortinget sitt møte 22. mars 2004. Utanrikskomiteen har ikkje merknader til innstillinga, og komiteen viser til dette.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon