|
EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet) vart formelt vedteke i EU 8. desember 2003 ved Europaparlaments- og rådsavgjerd 20/2004/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2004-2007.
Ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av forbrukarprogrammet inneber ei endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte det fireårige rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over fleire år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Forbrukarprogrammet inneber ei vidareføring av det første rammeprogrammet for verksemd på forbrukarområdet som omfatta femårsperioden 1999-2003. EFTA/EØS-statane har teke del i programmet sidan 2000.
Hovudføremålet med det første rammeprogrammet var å gje Fellesskapet ein klarare heimel til å finansiere verksemd innanfor forbrukarsektoren.
Midlane under det nye programmet skal nyttast til å finansiere samarbeidstiltak mellom Europakommisjonen og medlemsstatane, økonomisk støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar, tiltak som Europakommisjonen set i verk på eiga hand og prosjekt innanfor programområdet som forbrukarorganisasjonar, andre uavhengige organisasjonar og enkeltpersonar søkjer om støtte til.
På bakgrunn av røynslene frå det første programmet er det lagt opp til ein del endringar i det nye programmet, der dei viktigaste er:
| - | Verksemdene skal i langt større grad knytast til EU sitt strategiprogram for forbrukarpolitikk. |
| - | Utlysing av prosjektmidlar skal skje annakvart år, og det er mogleg å søkje om fleirårige prosjekt. |
| - | I det nye programmet vert det innført eigne føresegner og kriterium for samarbeidsprosjekt mellom Kommisjonen og medlemsstatane. |
| - | Det skal utarbeidast årlege arbeidsprogram. |
| - | Den rådgjevande komiteen for programmet får breiare oppgåver. |
Det første forbrukarprogrammet hadde eit totalbudsjett på 22,5 mill. euro per år i femårsperioden. Det vedtekne reviderte rammeprogrammet har ei ramme på 72 mill. euro, tilsvarande 18 mill. euro per år. Reduksjonen på 20 % frå det førre programmet, som fullt ut er knytt til at matvaretryggleik, som vert rekna for å ha utgjort 20 % av kostnadene, er teke ut og gjort til eit eige program. Den årlege ramma til den attverande verksemda framstår i avgjerda som uendra frå det forrige programmet.
Då Noreg gjekk inn i rammeprogrammet i år 2000, fekk Barne- og familiedepartementet ei utviding av budsjettramma til dette føremålet på 4 mill. kroner per år, som vert vidareført under det nye programmet. Utgiftene har auka til eit høgare nivå, m.a. som følgje av skipinga av ei stilling som nasjonal ekspert under programmet, ein jamn auke av dei administrative utgiftene og støtte til det norske kontaktpunktet i tvisteløysingsordninga. I 2003 låg dei samla utgiftene på om lag 5 mill. kroner. For 2004 reknar ein med enda høgare utgifter som følgje av at utbetalingane for verksemd under det førre programmet er venta å nå ein topp dette året. Ein reknar med at dei totale årlege utgiftene for Noreg under det nye programmet vil liggje på eit årleg nivå rundt eller i overkant av 5,5 mill. kroner gjennom heile programperioden. For 2004 vert utgiftene dekte over budsjettet til Barne- og familiedepartementet (kap. 865). I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2004 og budsjettet for 2005 vil Barne- og familiedepartementet kome tilbake med eventuelle krav om auka rammer.