|
Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap, som syner staten sine eignelutar, gjeld og eigenkapital, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og oppgåve over aksjar.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2003 er 700,2 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er 592,7 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var 173,7 mrd. kroner fordelt med 191,2 mrd. kroner i inntekter og 17,6 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene vart overført til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar var på 508,9 mrd. kroner, medan utgiftene var på 575,1 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 66,2 mrd. kroner. Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2003 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 62,8 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen for 2003 vert dermed gjort opp med eit underskot på 3,3 mrd. kroner. Underskotet på 3,3 mrd. kroner kjem av auka utgifter på 4,5 mrd. kroner og auka inntekter på 1,2 mrd. kroner.
Statsrekneskapen syner at den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet frå 2002 til 2003 utgjorde 1,25 prosentpoeng, noko som er 0,75 prosentpoeng høgare enn overslaget i nysaldert budsjett.
I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for Petroleumsfondet 25,8 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 136,6 mrd. kroner i 2003. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 133,3 mrd. kroner i 2003. Ved utgangen av 2003 var kapitalen i Statens petroleumsfond 847,1 mrd. kroner.
I statsbudsjettet for 2003, som vart vedteke av Stortinget hausten 2002, utgjorde det strukturelle, oljekorrigerte underskotet 30,7 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var rekna til 34,8 mrd. kroner.
Endringane i statsbudsjettet som vart vedtekne i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003, innebar eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 37,6 mrd. kroner. Ein stor del av auken i underskotet har si årsak i reduserte skatte- og avgiftsinntekter. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 50,8 mrd. kroner.
I nysaldert budsjett for 2003, som vart lagt fram 28. november 2003, vart det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 44,4 mrd. kroner. Etter handsaming av nysaldert budsjett i Stortinget vart det strukturelle underskotet auka til 44,8 mrd. kroner. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 62,8 mrd. kroner.
Rekneskapstala for 2003 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 66,2 mrd. kroner, dvs. om lag 3,3 mrd. kroner høgare enn overslaget i nysaldert budsjett. Nye utrekningar basert på rekneskapstala for 2003 syner no eit strukturelt underskot i 2003 på om lag 48,1 mrd. kroner, jf tabell 1.1 i meldinga, som er om lag 3,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Forventa avkastning av Statens petroleumsfond for 2003 er rekna til 24,2 mrd. kroner.
Samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2003 er det strukturelle underskotet auka med drygt 10,5 mrd. kroner. Om lag halvparten av auken i underskotet kjem av at inntektene frå skattar og avgifter med vidare vart lågare enn tidlegare lagt til grunn, medan auka utgifter og reduserte inntekter utanom skatteinntekter forklarar den andre halvdelen av auken i underskotet.
Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet bør sjåast i samanheng med auka utgifter under folketrygda etter nysaldert budsjett og lågare overførte løyvingar frå 2003 til 2004 enn frå 2002 til 2003, rekna til 0,6 mrd. kroner. I tillegg syner rekneskapen meirutgifter under enkelte kapittel. Mellom anna har statlege verksemder høve til å auke utgiftene mot meirinntekter, jf pkt. 1.4 i meldinga. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 4,9 %.
Tabell 1.2 og 1.3 i meldinga syner hovudtala i dei formelle rekneskapa for 2002 og 2003.
Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2003, medan tabell 1.5 i meldinga syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.
I 2003 er inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar reduserte med 19,4 mrd. kroner, frå 717,0 mrd. kroner i saldert budsjett til 697,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 10,2 mrd. kroner, frå 579,1 mrd. kroner i saldert budsjett til 589,3 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.
Anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 62,8 mrd. kroner, som var 28,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene, utan inntekter frå petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 507,8 mrd. kroner, som er 20,3 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 17,5 mrd. kroner, og renteinntektene vart redusert med 4,0 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 1,2 mrd. kroner netto.
Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 570,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett, som er ein auke på 7,7 mrd. kroner frå saldert budsjett. Utgiftene til dagpengar auka med 3,0 mrd. kroner, medan dei andre utgiftene under folketrygda auka med 4,3 mrd. kroner. Andre utgifter inkludert renteutgifter auka netto med 0,4 mrd. kroner.
Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 0,9 mrd. kroner medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 2,5 mrd. kroner. Netto inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed redusert med 1,6 mrd. kroner frå 172,8 mrd. kroner til 171,2 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 28,0 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 28,0 mrd. kroner frå 34,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 62,8 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond auka med 5,5 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei svekking i balansen for Petroleumsfondet på 24,1 mrd. kroner.
Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2003 er gjeve i St.prp. nr. 65 (2003-2004) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2003.
Det er under punkt 1.4 i meldinga gitt oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2002 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.
I kap. 2 i meldinga er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kap. 3 er det gjeve nærare omtale av områda til dei einskilde departementa. I kap. 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda. I kap. 5 er finanspostar og kapitalrekneskapen omtala, medan det i kap. 6 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.