|
Tilrådinga frå komiteen I vert støtta av ein samla komité.
Tilrådinga frå komiteen II, III og V vert støtta av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet.
Tilrådinga frå komiteen VI og VII vert støtta av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.
Tilrådinga frå komiteen IV vert støtta
av Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti
og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til meldinga og rår Stortinget til gjere følgjande
St.meld. nr. 31 (2003-2004) - Vilje til vekst - for norsk skipsfart og de
maritime næringer - vert lagt ved protokollen.
Stortinget ber Regjeringen koma
tilbake med forslag til lovfesting av dei ulike endringane som er vedtekne
for å støtta norsk skipsfart, i samband med budsjettet for 2005.
Stortinget ber Regjeringa utvide
nettolønnsordninga til å gjelde alle norske sjøfolk om bord på
konkurranseutsette skip i NOR.
Stortinget ber Regjeringa jobbe aktivt
internasjonalt for eit felles nordisk vedtak om å avvikla ordninga med
nettolønn på ferjetrafikken.
Stortinget ber Regjeringen vidareføre
gjeldande ordningar for nettoløn på utenlandsferjene i NOR.
Stortinget ber Regjeringa gjenoppretta
ein eigen garantiordning for byggjelån til skip slik at norske verft vert
sikra tilgang på garantiar og med det lån.
Stortinget ber Regjeringa syte for at
GIEK vert brukt meir aktivt for å fremme auka aktivitet i verftsnæringa.
| Oslo, i næringskomiteen,
den 10. juni 2004 |
| Olav Akselsen leiar og ordførar |