Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.13 (2004-2005)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       EU-programmet om tiltak for å hindre vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II) vart formelt vedteke i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 803/2004/EF . Programmet skal vare i tidsrommet 2004-2008.

       Daphne II er ei vidareføring av det første Daphne-programmet som omfatta tidsrommet 2000-2003. Daphne I medverka til å auke det fokuset medlemsstatane har på motkjemping av vald og på å skape samarbeid mellom ulike europeiske organisasjonar som arbeider for å hindre vald. Prosjekta som mottok støtte frå programmet har medverka til auka aktivitet mot vald blant organisasjonar og institusjonar i Europa. Vidare gav Daphne I ein solid medverknad til kampen mot menneskesmugling, kvinneleg kjønnsskamfaring, seksuelt misbruk og pornografi.

       Daphne II har som målsetjing å medverke til auka vern av fysisk og psykisk helse og til å støtte ikkje-statlege organisasjonar og offentlege organisasjonar som arbeider mot vald. Programmet vil gje støtte til prosjekt som medverkar til skiping av samarbeid over landegrensene og tverrfaglege nett. Daphne II vil medverke ytterlegare til å identifisere god praksis ved å oppmuntre til fornying og utveksling av relevant informasjon. Vidare vil det verte utveksla gode røynsler om til dømes kva tiltak som er gjorde, og kva metodereiskapar og samarbeidsformer som er utvikla, og det vil verte medverka til at desse vert tilpassa og iverksett i nye samanhenger.

       Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over fem år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det er venta ei avgjerd i EØS-komiteen tidleg på hausten 2004.

       Både private og offentlege organisasjonar, universitet, forskingsinstitusjonar og andre institusjonar på lokalt plan som driv verksemd på dette området, kan søkje om midlar til prosjekt. For å ha rett til støtte må prosjekta omfatte minst to land og ikkje vare lenger enn to år. Europakommisjonen skal, i nært samarbeid med medlemsstatane, sikre iverksetjinga av programmet.

       Den norske deltakinga i Daphne II har som mål å aktivisere fleire frivillige og offentlege organisasjonar til å delta som koordinatorar eller som partnarar.

       Det totale budsjettet for dette femårige programmet er på 50 mill. euro. For 2004 er budsjettet på 8,4 mill. euro. For Noreg sin del del vil løyvinga utgjere litt mindre enn 1,1 mill. euro for tidsrommet 2004-2008. Det vil seie at Noreg sin del i gjennomsnitt vil vere på 1,8 mill. kroner per år i programperioden.

       Det er sett av midlar til norsk deltaking for 2004 på Barne- og familiedepartementet sitt budsjett (kap. 857 post 79).

       Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.

       Det går fram av proposisjonen at røynslene frå det første Daphne-programmet har vore positive. Noreg har teke del i fleire prosjekt, og dette har vore nyttig i høve til arbeidet mot vald. Vidare er det viktig at Noreg viser eit europeisk engasjement. Gjennom deltaking i Daphne II kan Noreg gje og motta impulsar frå andre statar i Europa når det gjeld arbeidet mot vald. Daphne II kan såleis vere eit verkemiddel for å fastsetje eit godt samarbeid mellom Noreg og andre statar i Europa for å hindre vald.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon