Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.56 (2004-2005)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 112/2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/73/EF om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner når det gjeld tilgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremjing, og når det gjeld arbeidsvilkår (direktivet om lik handsaming)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 112/2004 av 9. juli 2004 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala om helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik handsaming av kvinner og menn, til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/73 EF om endring av rådsdirektiv 76/207/EØF om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner når det gjeld tilgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremjing, og når det gjeld arbeidsvilkår (direktivet om lik handsaming).

       Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

       Føremålet med direktivet om lik handsaming er å styrkje likestillinga mellom kjønna. I direktivet er det fastsett at medlemsstatane aktivt skal ta omsyn til målet om likestilling ved utarbeidinga og gjennomføringa av lover og forskrifter. Det same gjeld i høve til politikkutforming og verksemd innanfor verkeområdet til direktivet. Direktivet forbyr skilnadshandsaming på grunn av kjønn, og definerer direkte og indirekte skilnadshandsaming, trakassering og seksuell trakassering.

       Medlemsstatane vert pålagde å sikre at alle som kjenner seg skadelidande i høve til føresegnene i direktivet, skal ha tilgang til rettargang og/eller forvaltingsmessige framgangsmåtar.

       Statane må sikre ei faktisk og verknadsfull skadebot eller godtgjering for det tapet og den skaden som ein person er påførd som følgje av skilnadshandsaming. EF-domstolen har lagt til grunn at omsynet til ei effektiv gjennomføring av diskrimineringsforbodet krev eit objektivt skadebotansvar.

       Fristen for gjennomføring av direktivet i nasjonal rett er 5. oktober 2005. Norsk rett er i hovudsak i samsvar med direktivet, men innlemminga i EØS-avtala krev likevel nokre endringar i likestillingslova.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon