Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.88 (2004-2005)
Innstilling frå samferdselskomiteen om utbygging og finansiering av Rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy-Hundvåkøy) i Hordaland


oversikt første forrige neste

Samandrag

       I proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av vegsambandet Huftarøy-Hundvåkøy (Austevollsbrua) i Hordaland. Austevoll kommune har om lag 4.400 innbyggjarar. Kommunen er samansett av mange store og små øyar. Prosjektet vil gi dei 750 innbyggjarane på Hundvåkøy og Store Kalsøy fast vegsamband med resten av kommunen. Ved å realisere prosjektet vil 97 % av innbyggjarane i kommunen vere knytt saman med fast vegsamband. Prosjektet vil ha stor verdi for fiske- og havbruksnæringa i kommunen som har behov for rask og effektiv transport.

       Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte i løpet av første halvår 2005, med fullføring tidleg i 2008.

       Finansieringa av Austevollsbrua er basert på alternativ bruk av ferjetilskot, bompengar, lokale tilskot og ordinære statlege midlar. Alternativ bruk av ferjetilskot og bompengar utgjer ein stor del av finansieringa.

       Prinsippa som er trekt opp for alternativ bruk av innspara ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er lagt til grunn, jf Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002), St.prp. nr. 67 (2002-2003) og St.prp. nr. 69 (2003-2004), jf Innst.S.nr.261 (2003-2004).

Omtale av utbygginga

       Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,8 km ny veg mellom Huftarøy og Hundvåkøy. To bruer på respektive 470 m og 420 m samt ei kort bru på 40 m inngår i prosjektet. Vidare inngår bygging av veg på to steinfyllingar i sjøen med ei lengde på til saman 220 m. Prosjektet vil forlenge Rv 546 frå Huftarøy fram til eksisterande fylkesveg på Hundvåkøy. Planlagt vegbreidde er 6,5 m. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelveg/sykkelbane. Austevollsbrua vil føre til at ferjesambandet Krokeide-Hufthamar-Austevollshella blir redusert til eit pendelsamband mellom Krokeide i Bergen kommune og Hufthamar i Austevoll kommune.

       Ved handsaminga av St.prp. nr. 60 (1999-2000), jf Innst.S.nr.246 (1999-2000), gav Stortinget løyve til å krevje inn 8 mill. kroner i bompengar på ferjene til Austevoll for å finansiere eit delprosjekt på det planlagde vegsambandet mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Innkrevjinga av bompengar starta i 2001 og blei avslutta i 2003.

       For å få veg til eit nytt bustadfelt har Austevoll kommune teke initiativ til å starte bygging av ein om lag 1 km lang delparsell av Rv 546 på Huftarøy. Kostnadene på om lag 8 mill. kroner inngår i kostnadsoverslaget for Austevollsbrua og kostnadene blir dekt med midlar frå det kommunale tilskotet.

       Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for Austevollsbrua er med 8 % kalkulasjonsrente rekna til -150 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til -0,4 og internrenta er rekna til 4 %

       Bakgrunn for bompengesøknaden og lokalpolitisk handsaming går fram av kapittel 3 i proposisjonen.

Finansieringsplan

       Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

-Innspara ferjetilskot
-Bompengar
-Lokale tilskot
-Ordinære statlege midlar

       Samla kostnadsoverslag for Austevollsbrua er 316 mill. 2004-kroner. Uvissa i overslaget er vurdert til å liggje innafor +/- 10 %. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, er netto kapitalkostnader knytt til forskotteringa rekna til om lag 114 mill. 2004-kroner. Samla gir dette eit finansieringsbehov på om lag 430 mill. 2004-kroner. Det er lagt til grunn ein finansieringsplan som vist.

  Mill. 2004-kroner
Forskottering - innspara tilskot til drift av ferjesambandet1 75
Forskottering - innspara tilskot til kapitalkostnader for ei ferje 67
Bompengar2 190
Tilskot frå Austevoll Kraftlag og Austevoll kommune 77
Ordinære statlege midlar 21
Sum 430

1 Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet.

2 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

       Det er lagt til grunn at innspara statlege ferjetilskot som følgje av at dagens trekantsamband Krokeide-Hufthamar-Austevollshella blir erstatta av eit pendelsamband mellom Krokeide og Hufthamar, skal nyttast til å delfinansiere Austevollsbrua. Det nye ferjeopplegget gjer det mogleg å redusere talet på ferjer i sambandet frå dagens to til ei ferje, noko som vil gi innsparingar i både drifts- og kapitalkostnader.

       I ferjesambandet Krokeide-Hufthamar vil det nye ferjeopplegget med ein frekvensreduksjon frå 16 til 11 rundturar pr. døgn, innebere ei måloppnåing på 44 % i høve til den nye standarden for ferjedrifta, jf St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Det er rekna med at dei andre standardmåla vil bli nådde. Mellom anna er det lagt opp til at opningstida blir på 17 timar som i dag.

       Departementet føreset at det reduserte ferjetilbodet må liggje til grunn i heile perioden med utbetaling av ferjetilskot. Først når utbetalingane er avslutta, kan ferjetilbodet takast opp til ny vurdering.

       Det er rekna med at staten får ei netto årleg innsparing i tilskot til drift av ferjesamband på 5,0 mill. kroner. Tilskotet er føresett utbetalt årleg i ein periode på 15 år etter at Austevollsbrua er fullført. Tilskotet skal ikkje justerast for prisauke ut over justering fram til forskotteringa skjer. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara driftstilskot på 75 mill. 2004-kroner.

       I samsvar med St.prp. nr. 69 (2003-2004) vil Samferdselsdepartementet leggje opp til ei ny vurdering av storleiken av det innspara ferjetilskotet basert på tilskotsregnskapen for sambandet Krokeide-Hufthamar med det nye driftsopplegget etter to til tre års drift. Samferdselsdepartementet vil orientere Stortinget før ei eventuell justering blir gjort, jf Innst.S.nr.261 (2003-2004).

       Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta Stortinget seg til at gjennomsnittlege kapitalkostnader for heile ferjeflåten skal leggjast til grunn ved fastsetting av den årlege innsparinga i kapitalkostnader. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara kapitalkostnader på 67 mill. 2004-kroner.

       Samferdselsdepartementet er samd i Vegdirektoratet sitt forslag om at dei årlege utbetalingane av ferjetilskot skal stanse før det er gått 15 år dersom bompengeinntektene blir større enn føresett.

       Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing i ferjesambanda Krokeide-Hufthamar-Austevollshella og Husavik-Sandvikvåg i tre år. Etter Vegdirektoratet sin gjennomgang av føresetnadene for bompengeinnkrevjinga er det lagt til grunn 13 års etterskotsinnkrevjing i sambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg. Totalt blir bompengeperioden 16 år. Det er såleis ikkje lagt opp til innkrevjing i det nye vegsambandet sjølv om det er denne trafikken som får direkte nytte av prosjektet. Framlegget til bompengeopplegg i dei to ferjesambanda føreset at også trafikantar som ikkje får direkte nytte av Austevollsbrua, må betale bompengar.

       Bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på om lag 190 mill. 2004-kroner.

       Austevoll kraftlag og Austevoll kommune har sagt seg villige til å gå inn med tilskot på til saman 77,4 mill. 2004-kroner. Kraftlaget vil gå inn med eit tilskot på 56,2 mill. kroner medan kommunen vil gå inn med eit tilskot på 21,2 mill. kroner.

       Ved handsaminga av handlingsprogrammet for perioden 2002-2011 gjekk fylkeskommunen inn for å setje av 20 mill. 2002-kroner til Austevollsbrua i 2011. Dette er lagt til grunn i finansieringsplanen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon