Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.88 (2004-2005)
Innstilling frå samferdselskomiteen om utbygging og finansiering av Rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy-Hundvåkøy) i Hordaland


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, er kjend med at Austevollsbrua er eit prosjekt som det har vore arbeidd med i mange år for å få realisert.

       Komiteen har merka seg at på grunn av at det tidlegare ikkje har lege føre tilstrekkeleg prioritering av statlege midlar til prosjektet frå fylkeskommunen si side, har ikkje prosjektet vore fremja tidlegare.

       Komiteen har vidare merka seg at ved realisering av Austevollsbrua vil 97 % av innbyggarane i Austevoll vere knytt saman med fast vegsamband. Dette vil vere ein fordel for det offentlege tenestetilbodet i kommunen, vil leggje til rette for større bu- og arbeidsmarknadsområde og vil ha stor verdi for næringslivet i kommunen.

       Komiteen konstaterer at bompengeselskapet og lokale styresmakter no har arbeidd fram ei finansieringsløysing med svært små ordinære statlege løyvingar. Dette gjer det mogeleg å realisere dette prosjektet raskare enn det som hadde vore mogeleg innanfor ordinære statlege riksvegrammer. I finansieringa av prosjektet ligg inne både innspara ferjetilskot, bompengar og lokale tilskot i tillegg til ordinære statlege midlar. Komiteen konstaterer òg at alle nødvendige kommunale og fylkeskommunale vedtak er på plass.

       Komiteen har merka seg at Regjeringa i dette prosjektet meiner at ein etter to til tre års drift, bør vurdere ei justering av storleiken av det innspara ferjetilskotet basert på tilskotsrekneskapen for sambandet Krokeide-Hufthamar med det nye driftsopplegget. Komiteen sluttar seg til dette og føreset at Regjeringa orienterer Stortinget på eigna måte før ei slik eventuell justering blir gjort. Dette vil òg vere i samsvar med Innst.S.nr.261 (2003-2004).

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er kjend med at innkrevjingsopplegget fører til at trafikantar som ikkje direkte får nytte av det nye sambandet må betale bompengar. Men sidan Stortinget aksepterte det tilsvarande innkrevingsopplegget i Innst.S.nr.246 (1999-2000) om frakt og utlegging av stein i fyllingane mellom Hundvåkøy og Huftarøy, har ikkje fleirtalet merknader til innkrevjingsopplegget i denne saka. Det er dessutan stor lokalpolitisk tilslutnad til å delfinansiere prosjektet med bompengar. Bompengeinnkrevinga skal elles gå føre seg i ferjesambanda og gir difor låge innkrevjingskostnader.

       Fleirtalet vil på denne bakgrunnen slutte seg til Regjeringa sitt forslag for utbygging og finansiering av Austevollsbrua.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det for dette prosjektet er en betydelig del med lokal egenfinansiering gjennom tilskudd fra kommunen og kraftlaget på til sammen 77 mill. kroner. Austevoll kommune aksepterer også å gå fra 2 til 1 ferje for å kunne nytte innsparte ferjesubsidier. Disse medlemmer mener at lokalsamfunnets bidrag er stort og delen med bompenger skal være et statlig ansvar for å ta større del i finansieringa av riksvegsambandet.

       Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«1.Bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån på inntil 190 mill. kroner til å forskuttere bygging av Rv 546 Austevollsbrua.
2.Finansdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet om tilbakebetaling av beløpet gjennom optisk registrering av passeringer av kjøretøy etter at prosjektet er ferdigstilt.»



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon