Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.95 (2004-2005)
Innstilling frå næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentant Steinar Bastesen om en bredt sammensatt kommisjon for evaluering av politiske, juridiske, økonomiske og økologiske forhold i fiskeriene og hvordan globaliseringen og privatiseringen av ressursene påvirker fiskeriene og kystsamfunnene


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til vedlagt brev frå statsråd Svein Ludvigsen datert 29. november 2004.

       Komiteen viser til at fiskeri- og havbruksnæringa har vore igjennom ein vanskeleg periode med dårleg lønsemd. Ei hovudutfordring er å skape ein balanse mellom ressurstilgangen og produksjonskapasiteten. Komiteen viser til statsråden sitt svarbrev der det vert stadfesta at dei fleste av problemstillingane forslaget tek opp vil bli drøfta i Stortingsmeldinga som skal leggjast fram for Stortinget våren 2005.

       Komiteen har utover dette ingen kommentarar og gjer framlegg om at Dok.nr.8:18 (2004-2005) vert lagt ved protokollen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon