|
Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak 15. desember 2004. Vedtaka gjeld ei fellesskapsramme, Europass, som skal fremje oversikt og klarleik med omsyn til dokumentasjon av kvalifikasjonar og kompetanse i Europa frå 1. januar 2005.
Europass byggjer på København-deklarasjonen frå desember 2002 om auka samarbeid i fag- og yrkesopplæringa i Europa. Føremålet er oversikt og mobilitet mellom dei europeiske landa og på tvers av sektorar. Kvart deltakarland skal skipe eit nasjonalt Europass-senter som skal ha ansvar for koordinering. I Noreg skal dette vere Utdanningsdirektoratet som skal forvalte løyvingane frå EU til Europass-aktivitetane og sjølv drive det internettbaserte informasjonssystemet. Ansvaret for Europass Training vert overført frå Teknologisk institutt til direktoratet frå 1. august 2005.
Norsk deltaking i Europass-ordninga inneber økonomiske plikter over fleire år. Den nasjonale finansieringa vil vere minimum 50 %. Kostnadene i etableringsfasen i 2005 vert å dekkje innafor budsjettramma til Utdannings- og forskingsdepartementets kap. 225. Den øvre grensa for EU-stønad til Noreg er satt til 60.000 euro for 2005. I dei komande åra ventar ein utgifter av tilsvarande storleik. Europass etablerer eit friviljug rammeverk, så det trengst ikkje lovendringar i Noreg.
Utdannings- og forskingsdepartementet meiner at Noregs deltaking i Europass er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser. Europass vil gi ein felles europeisk referanse som vil lette godkjenninga og overføringa av kvalifikasjonar innafor fag- og yrkesopplæring. Det same gjeld for allmennutdanning både på vidaregåande nivå og høgare nivå.