|
Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Framstegspartiet, Arne Sortevik, frå Senterpartiet, Rune J Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representantane Ursula Evje og Jan Simonsen, merkar seg at Europass-rammeverket byggjer på København-deklarasjonen som vart vedteken i 2002 av utdanningsministrane frå 31 europeiske land, inkludert Noreg.
Komiteen legg vekt på at Europass vil lette godkjenninga og overføringa av kvalifikasjonar innafor fag- og yrkesopplæring og allmennutdanning, både på vidaregåande og høgre nivå. Det vil samla sett auke samarbeidet på utdanningsområdet i Europa og vere i tråd med norske utdanningspolitiske interesser.
Komiteen merkar seg at norsk deltaking inneber økonomiske plikter over fleire år, og at utgiftene for 2005 vert dekte innafor den eksisterande budsjettramma til Utdannings- og forskingsdepartementet.
Komiteen sluttar seg på denne bakgrunnen til tilrådinga i proposisjonen.
Utkastet til denne innstillinga har vore lagt fram for utanrikskomiteen, som ikkje har merknader i saka.