|
Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å gje løyve til å føre vatn mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet i Øvre Ottavassdraget i Skjåk kommune i Oppland.
Departementet viser til at Opplandskraft DA og Tafjord kraftselskap AS ved kongeleg resolusjon 8. juni 2001 fekk konsesjon til å byggje Framruste og Øyberget kraftverk i Skjåk kommune. Konsesjonen vart gjeven med bakgrunn i ein planendringssøknad i samband med den saka som vart handsama i Stortinget i juni 1999, jf St.meld. nr. 50 (1997-1998) og Innst.S.nr.200 (1998-1999).
Kraftverka er planlagt gjort ferdige i 2005. Ei overføring av vatn frå Breidalsmagasinet til Raudalsmagasinet via tunnel vil gjere det mogleg å nytte Breidalsmagasinet og i Framruste kraftverk. Prosjektet vil gje om lag 125 GWh/år ny kraft. Overføringa vil gje om lag 20.000 innvunne naturhestekrefter (nat.hk.). I tillegg til betre utnytting av vassressursen vil overføringa medverka til ei litt forbetra flaumdemping i Ottadalføret.
Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) har søkt om løyve til å overføre vatn mellom to magasin som har vore regulert for kraftproduksjon sidan tidleg på 1940-talet i Skjåk kommune i Oppland. Overføringa føreset tidvis pumping av vatnet frå Breidalsvatnet som følgje av innbyrdes ulike kotehøgder for høgaste og lågaste regulerte vasstand (HRV og LRV) i dei to magasina. Det omsøkte prosjektet gjer det ikkje naudsynt med endring av eksisterande reguleringskonsesjonar for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet.
Skjåk kommune vil få økonomisk kompensasjon gjennom konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. I tillegg vil utbygginga gje kommunen inntekter frå anna skattlegging av kraftverk gjennom til dømes naturressursskatt og eigedomsskatt. Prosjektet vil og gje lokale arbeidsplassar i anleggsperioden.
NVE si innstilling dagsett 21. desember 2004 er inntatt og omtala i proposisjonen. Basert på den tekniske og økonomiske løysinga meinar NVE at prosjektet ligg innanfor ei samfunnsøkonomisk akseptabel ramme, og at prosjektet vil gje eit brukbart energitilskot med moderate naturinngrep.
Overføringa som no blir fremja er etter departementet sitt syn ikkje i strid med handsaminga av Øvre Otta i 1999. Det vises til at overføringa er avgrensa til tapping av vatn mellom magasina i Breidalen og Raudalen utan inntak av elvar, og den er eit tiltak med vesentleg mindre inngrep og anna teknisk løysing enn tunnelalternativet som vart handsama i 1999. Dei elvene som var omfatta av den tidlegare søknaden er alle verna gjennom handsaminga i Stortinget 18. februar 2005, jf St.prp. nr. 75 (2003-2004) Supplering av verneplan for vassdrag, og Innst.S.nr.116 (2004-2005).
Tiltaket ligg innanfor ramma av utbyggingsalternativ VA som vart plassert i Samla plan kategori I, og som difor kan konsesjonshandsamast. Departementet viser til at overføringa vil gje ein brutto årleg gjennomsnittleg produksjonsauke på om lag 130 GWh. Med pumping som vil krevje om lag 5 GWh, blir netto tilførsel til energisystemet om lag 125 GWh pr. år.
Etter ein heilskapleg vurdering av søknaden, finn Olje- og energidepartementet at nytten og fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser. Kravet etter § 8 i vassdragsreguleringslova er dermed oppfylt, og Olje- og energidepartementet rår til at GLB får konsesjon etter vassdrags-reguleringslova for overføring av vatn frå Breidalsvatnet til Raudalsvatnet slik det er søkt om.
I løyvet etter vassdragsreguleringslova inngår og løyve etter lova om forureining § 11 og løyve til oreigning av naudsynt grunn og rettighetar for å gjennomføre overføringa etter vassdragsreguleringslova § 16 nr. 1.