Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.224 (2004-2005)
Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del saker på Samferdselsdepartementets område


oversikt første forrige neste

3. Programkategori 21.60 Samferdselsberedskap

3.1 Utvikling av samferdselsberedskapen

Samandrag

       Departementet orienterer i proposisjonen om utvikling av samferdselsberedskapen.

       Samferdselskomiteen bad i B.innst.S.nr.13 (2004-2005) departementet kome tilbake til Stortinget med ei sak om korleis det vil prioritere utviklinga av samferdselsberedskapen.

       Departementet vil medverke til langsiktig oppbygging av nasjonal forskingskompetanse på samfunnstryggleik innan samferdselsområdet. Det er m.a. ønskeleg å utvikle felles læringsarenaer for beredskap og tryggleik, på tvers av transportgreiner og sektorar.

       I 2005 har Samferdselsdepartementet starta opp eit prosjekt for overordna risiko- og sårbarheitsanalyse innan samferdselssektoren. Dette er planlagd ferdig i 2006. Vidare har departementet sett i gang eit arbeid med utvikling av risiko- og sårbarheitsanalysar for transportberedskapen i fylkeskommunane. Ny transportberedskapsstruktur blir etablert 1. juli 2005.

       Departementet vil ta initiativ til samøvingar innan samferdselssektoren, der m.a. samanbrot i transportsystem, bortfall av styringsfunksjonar og sentrale transportfunksjonar kan bli øvde samstundes.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har ingen merknader.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon